meiningar

Styrking av skulane i Sveio?
Auklandshamn skule.

Styrking av skulane i Sveio?

Etter å ha vore med i budsjettforhandlingene i kommunestyret sist måndag, stt eg igjen med ein del tankar. Det mest påfallande var kanskje kor lite me høyrer på kvarandre. Alt er bestemt på førehand gjennom avtaler som er inngått blant dei som har fleirtal. Slik faller alle gode ord som blir sagt for døve øyrer, same kor fornuftige dei enn er. Det er nok eit symptom på politikken i Noreg generelt, men me skulle jo tru at det var betre i ein liten kommune som Sveio. Det er dessverre ikkje mi oppleving, i mi relativt korte fartstid i politikken. Men det er eit heilt klart ynskje for framtida, også om eg skulle hamne i fleirtalsposisjon ein gong. Det er jo slik me best forvaltar tilliten me har fått av innbyggjarane i Sveio, slik eg ser det.

I lesarinnlegget til Håkon Skimmeland (Ap) skriv han litt om budsjettet som blei vedtatt og kor godt det er på mange områder, blant anna korleis posisjonspartia “satsar på skule” ved å styrke skulebudsjettet med ein million kroner. Det følte eg ikkje var heilt treffande. Det er nemleg slik at den millionen allereie er i skulebudsjettet i år, men var føreslått kutta av rådmannen for neste år. Å gi med den eine handa og ta med den andre, er ikkje å styrke noko som helst. For det andre, så fekk Sveio kommune ei ekstraløyving via statsbudsjettet på nesten 3 millionar kroner, der 1,9 av dei millionane var til skuledrift, mykje grunna vår spreidde skulestruktur som er dyrare å drive. Likevel, sjølv med desse friske midlane som rein bonus inn i kommuneøkonomien, så blir dei altså ikkje nytta der dei er tenkt. Er det slik at me har det så godt i Sveioskulen at me ikkje treng kvar krone me får?

Eg, og fleire med meg, tok til orde for å få Ap og FrP med på ei reell styrking av skulen. Me foreslo blant anna å vedta budsjettet punktvis, slik at me kunne i det minste kunne einast om å byggje styrke skulesatsinga i kommunen. Ei satsing på skulen er forøvrig noko alle partia har inne i sine valprogram, og såleis har lova sine veljarar i førre val. Men igjen var det ingen vilje til å møtast, sjølv i enkeltsaker. Det er synd, for det trur eg kommunen taper på.

MDG, Høyre, KrF, SV og SP ynskja i sitt budsjett å auke skulebudsjettet med 2,5 millionar, altså ei reell styrking av skulane med 1,5 millionar sett opp mot årets budsjett. Det trengst, for når me ser på tala, som alle i kommunestyret er klar over, bruker Sveio kommune langt under snittet for vår kommunegruppe på skule. Det syns eg er særs bekymringsverdig. Forskjellen blir faktisk enda større om me tar ut transportkostnader frå reelle skulekostnader. Det er barna våre som står igjen som taparane, med færre vaksne i klasseromma.

Ja, me får til mykje med våre stramme rammer, men tenk då kva me kunne fått til med forholdsmessige rammer. Me må i det minste bruke alt me får til skule på skule – det skuldar me barna våre. Eit viktig steg på vegen er å strekke ut ei hand, på tvers av partipolitiske linjer, for å finne løysingar saman. Det trur eg at me alle vil tene på!

Leif Sverre Haga

MDG

Powered by Labrador CMS