meiningar
Styringspartiet Ap og skulesaka
Innlegget er oppdatert etter møte i formannskapet 22. mars. Det opphavlege innlegget, publisert 21. mars står til sist.
Takk til Linn Therese Erve, Håkon Skimmeland, Asle Halleraker og Maren Bårdsen for at de uttalar dykk i skulesaka. Når saksbehandlinga rundt eit så viktig tema er så rask og mangelfull som den er i kommunen vår no, er det nyttig å høyra frå dykk for oss innbyggarane som prøver å henga med i svingane midt i ein pandemi.
De er alle sentrale folkevalde i ei svært viktig sak for oss innbyggarar, og me ønsker difor å gi tilbakemeldingar på noko av det som er sagt av dykk den siste veka.
Demokratisk og forsvarleg behandling av skulebruksplanen
Ordførar Linn Therese Erve forklarer til Vestavind at heile skulebruksplanen er eit initiativ frå administrasjonen. Og difor er dei folkevalde forplikta til å behandla den no. Ja, og då kan de faktisk behandla planen slik de vil. De kan for eksempel vedta å behalda skulestrukturen som den er i dag. Eller utsetja saka for å sikra ei meir demokratisk og forsvarleg behandling. Det er de som folkevalde som bestemmer.
Dei partia som danna det første fleirtalet etter valet hadde tatt stilling til skulestruktur i sitt programarbeid. Og veljarane veit kva skulesak betyr i Sveio, så det har nok hatt sin effekt på valresultatet i kommunen vår. Ved å visa leiarskap i denne saka kan Ap stå fram som det styringspartiet dei kan vera, samtidig som de respekterer fleirtalet av veljarane i 2019. Det vil vera ein god inngang til den valkampen de skal driva for Ap nasjonalt seinare i år.
Å pressa gjennom ein skulebruksplan slik den er føreslått no, kjennest faktisk som «eit angrep på lokaldemokratiet vårt og på samhaldet mellom innbyggarane i kommunen vår» (ref. Håkon Skimmeland sitt innlegg i Vestavind sist veke).
Lang skuleskyss er uheldig for barn
Maren Bårdsen viser til at 58 prosent av elevmassen i kommunen har skuleskyss. Det ho ikkje nemner er at mange av desse er ungdomsskulelevane, og denne nedleggingssaka handlar ikkje om dei. Denne saka handlar om dei bortimot 100 ungane i alderen 5-12 år som no anten blir avhengige av skuleskyss, eller som må fraktast mykje lengre enn før. At nokon allereie må ta buss, bør heller ikkje vera eit argument for at mange fleire bør skyssast.
Me er einige med utvalsleiar Asle Halleraker, som sa til TV Haugaland fredag at skuleskyssen trefte han særleg hardt. Han la til at dei uheldige konsekvensane av skuleskyssen er blant dei tyngste argumenta for å behalda skulestrukturen som den er. Dette stadfestar også forskinga: skuleskyss har negative følgjer for læring. Noko som også kjem godt fram i den skulebruksplanen de har til behandling. Og som Håkon Skimmeland poengterte sist veke: denne skulesaka handlar om elevane og deira læringsmiljø.
La oss få diskutera skulesaka!
Bårdsen skriv til slutt i sitt innlegg at me må slutta å diskutera skulesaka som om den handlar om sentralisering, bygdene mot sentrum, store og små skular, bygdeutvikling og livsgrunnlaget for nærbutikkar. Det er uheldig at ein folkevald prøver å hindra ein levande debatt om skulesaka.
Skulebruksplanen er til behandling no, og to av skulane er føreslått lagt ned. Ja, dette handlar om alle elevar i Sveio. Elevane i Førde, Auklandshamn og Valestrand skal i tillegg ikkje få gå på ein skule som har plass til dei. Det viser skulebruksplanen. Og det i ei tid der lærarane samtidig må tilpassa undervisinga til ekstraordinære pandemitiltak.
Denne saka handlar om skulekvalitet, og om alle elevane sine læringsmiljø. Læringsutbytte handlar om heile kvardagen, at elevane får tid og overskot til fritidsaktivitetar, om familieliv som går opp, om foreldre som kan gi leksehjelp og om eit støttande lokalsamfunn rundt elevane. Og då handlar den også om: sentralisering, bygdene og sentrum, Sveios fem nærmiljøskular (ingen veldig små, ingen veldig store), bygdeutvikling, og livsgrunnlaget for nærbutikkane.
Me håpar skulesaka får forsvarleg saksbehandling med demokratisk forankring. Så viktig er skulestrukturen – for alle i Sveio!
Mirjam Vikingstad (Auklandshamn) og Håvard Tvedte (Valevåg)
|
Opphavleg innlegg, publisert 21. mars:
Takk til Linn Therese Erve, Håkon Skimmeland, Asle Halleraker og Maren Bårdsen for at de uttalar dykk i skulesaka. Når saksbehandlinga rundt eit så viktig tema er så rask og mangelfull som den er i kommunen vår no, er det nyttig å høyra frå dykk for oss innbyggarane som prøver å henga med i svingane midt i ein pandemi. Utspela i Vestavind og TV Haugaland sist veke gir oss innsyn i kva som er i ferd med å skje, særleg sidan styringspartnarane dykkar FrP og dei to uavhengige er tause. Så håpar me det er lov å vera ueinige i sak. De er alle sentrale folkevalde i ei svært viktig sak for oss innbyggarar, og me ønsker difor å gi tilbakemeldingar på nokre av utsegnene. Demokratisk og forsvarleg behandling av skulebruksplanen Då rekk de også demokratisk og forsvarleg saksbehandling av denne skulebruksplanen. Dei som danna det første fleirtalet etter valet hadde tatt stilling til skulestruktur i sitt programarbeid. Og veljarane veit kva skulesak betyr i Sveio, så det har nok hatt sin effekt for valresultatet i kommunen vår. Ved å visa leiarskap i denne saka kan Ap stå fram som det styringspartiet dei kan vera, samtidig som dei respekterer fleirtalet av veljarane i 2019. Det vil vera ein god inngang til den valkampen de skal driva for Ap nasjonalt seinare i år. Å pressa gjennom ein skulebruksplan slik den er føreslått no, kjennest faktisk som «eit angrep på lokaldemokratiet vårt og på samhaldet mellom innbyggarane i kommunen vår» (ref. Håkon Skimmeland sitt innlegg i Vestavind sist veke). Lang skuleskyss er uheldig for barn Maren Bårdsen viser til at 58 prosent av elevmassen i kommunen har skuleskyss. Det ho ikkje nemner er at mange av desse er elevar i ungdomsskulen, og denne nedleggingssaka handlar ikkje om dei. Denne saka handlar om dei bortimot 100 ungane i alderen 5-12 år som no anten blir avhengige av skuleskyss, eller som må fraktast mykje lengre enn før. At nokon allereie må ta buss, bør heller ikkje vera eit argument for at mange fleire bør skyssast. Me er einige med utvalsleiar Asle Halleraker, som sa til TV Haugaland fredag at skuleskyssen trefte han særleg hardt. Han la til at dei uheldige konsekvensane av skuleskyssen er blant dei tyngste argumenta for å behalda skulestrukturen som den er. Dette stadfestar også forskinga: skuleskyss har negative følgjer for læring. Noko som også kjem godt fram i den skulebruksplanen de har til behandling. Og som Håkon Skimmeland poengterte sist veke: denne skulesaka handlar om elevane og deira læringsmiljø. La oss diskutera skulesaka! Bårdsen skriv til slutt i sitt innlegg at me må slutta å diskutera skulesaka som om den handlar om sentralisering, bygdene mot sentrum, store og små skular, bygdeutvikling og livsgrunnlaget for nærbutikkar. Det er uheldig at ein folkevald prøver å hindra ein levande debatt om skulesaka. Skulebruksplanen er til behandling no, og to av skulane er føreslått lagt ned. Ja, dette handlar om alle elevar i Sveio. Elevane i Førde, Auklandshamn og Valestrand skal i tillegg ikkje få gå på ein skule som har plass til dei. Det viser skulebruksplanen. Og det i ei tid der lærarane samtidig må tilpassa undervisinga til ekstraordinære pandemitiltak. Denne saka handlar om skulekvalitet, og om alle elevane sine læringsmiljø. Læringsutbytte handlar om heile kvardagen, at elevane får tid og overskot til fritidsaktivitetar, om familieliv som går opp, om foreldre som kan gi leksehjelp og om eit støttande lokalsamfunn rundt elevane. Og då handlar den også om: sentralisering, bygdene og sentrum, Sveios fem nærmiljøskular (ingen veldig små, ingen veldig store), bygdeutvikling, og livsgrunnlaget for nærbutikkane. Me håpar skulesaka får forsvarleg saksbehandling med demokratisk forankring. Så viktig er skulestrukturen – for alle i Sveio! Mirjam Vikingstad (Auklandshamn) og Håvard Tvedte (Valevåg) |