meiningar
Stopp sentraliseringa og nedbrytinga av Førde som tettstad!
Fleirtalet i både Eldrerådet og i Råd for personar med nedsett funksjonsevne gjekk inn for å oppretthalde Førde legekontor. Hovudutval Helse og Sosial gjekk inn for å byggje eit nytt helsehus i Sveio sentrum, og samle legetenesta m.m. der.
Formannskapet enda med 2 røyster for rådmannen sitt framlegg, og 5 røysta for Helse og Sosial utvalet sitt vedtak.
I saka burde dei to råda sine vedtak blitt vurdert, men så skjedde ikkje. Råda representerer både eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Begge råda skal ivareta desse gruppene, me veit at det blir langt fleire eldre i kommunen framover.
Sveio kommune er ein langstrakt kommune, med folk fastbuande frå Tittelsnes til Søre Våge.
Kva med konsekvensane?
Eg hadde forventa ein klarare debatt i formannskapet om konsekvensane av å leggja ned Førde legekontorkontor. Men slikt blei ikkje nemnt med eit ord. Det kom heller ikkje fram kva innbyggjarane i nordre del av kommunen ønskjer. Det er jo dei som i første rekke vil bli råka av ei nedlegging av Førde legekontor. Dette er ein stor veikskap i sakshandsaminga.
På ny må folket nord i kommunen engasjera seg med underskriftslister. Kvifor dei som bur i nordre del av kommunen gong på gong kjempe desse kampane?
All ære til Bygdalaget i Førde for deira engasjement. Det er heller ikkje meir enn to år sidan, Førde- kontoret blei føreslege nedlagt. Det vart også den gongen sett i gong underskriftsaksjon.
Kva er nytt denne gongen?
Ettersom eg hugsar var to politikarar frå same parti på framsida av Vestavind, kor dei uttalte at dei gjekk imot nedlegging av Førde legekontor. Dette var sjølvsagt rett før kommunevalet.
Kva er så nytt i dag som gjer at saka kjem opp på ny?
Vasslekkasje i kjellaren til kommunehuset er det eg sit att med. Det er ingen andre forhold som har endra seg på desse knapt to åra.
Over lang tid som politikar i førre kommunestyreperiode, medan eg sat i Helse og Sosial-utvalet blei me informerte om legesituasjonen. Me fekk vita at det blei brukt ein del midlar på innleige av legar for å halde hjula i gong i høve pasientane.
Mange brukar meir
Stadig blei det hevda at dette skuldast organiseringa av legetenesta i Sveio, med to kontor. Med eitt samla kontor ville Sveio blitt meir attraktivt for legar å etablera seg i Sveio blei det hevda.
Eg vil her nemne at på Stord blei det brukt 20.000.000,- kroner på innleige av legar i år 2024. Det er mange liknande døme som kan hentast frå andre kommunar.
Fastlegeordninga har ikkje fungert godt nok i det ganske land. Noverande regjering arbeider med å gjere denne betre.
Er nedbygging eit mål?
For heile kommunesamfunnet vårt, då tenkjer eg på folk som bur i heile kommunen, er det viktig å ta vare på Førde legekontor.
Eg vil spørje våre politikarar: Korleis ønskjer de at kommunen vår skal utvikla seg framover? Er det nedbygging av kommunale tenester i nordre del av kommunen som er viktig i seg sjølv?
Heng ikkje alt saman frå nord til sør, dersom me vil ha ein pulserande og attraktiv kommune?
Det har diverre vore ei styrt nedbygging av kommunesenteret Førde, for eit kommunesenter er også Førde. Det er gjort lite frå politisk hald for å løfte Førde i vekst og trivnad.
Eg merker meg kva Bygdalaget, ungdomslaget m.fl. har fått til i Førde. Det er fantastisk.
Men Haugesund såg Førde..
Truleg er Førde den staden kor det kjem flest besøkande gjennom året. Dei kjem for å nyte landskap, parken og den flotte bygda. Jammen meg burde det politiske fleirtalet i kommunen også sett dette. Dei burde satsa langt meir på Førde og den rikdommen bygda har å by på.
Eg var i si tid med på forhandlingar om kommunesamanslåing mellom Haugesund og Sveio. Eg vart svært glad då innbyggjarane sa nei til samanslåing. Det eg likevel beit meg merke i, var mange vyer som haugesundspolitikarane hadde for Førde. Dette har eg tenkt på i ettertid. Det er eit stort tankekors at det same engasjementet er fråverande i dag frå politisk hald i vår eigen vesle men sjølvstendige kommune.
Vidareutvikling av Førde som tettstad
Me veit at mange offentlege tenester er lagt ned i Førde gjennom dei seinare åra. Det gjer noko med mangt og mange. Sentrumsfunksjonane og møtestadene ei bygda blir svekka. Ytterlegare utflytting av kommunale servicetilbod frå bygda kan mellom anna vera med å undergrave grunnlaget for sosiale møteplassar og for daglegvarebutikken i bygdas sentrum. Dette vil i sin tur gjera den nordlege delen av kommunen mindre attraktiv for vekst, utvikling og skatteinntekter.
Så til slutt kjære politikarar, no får de høve til å gjera eit godt vedtak, der Førde legekontor blir verande som eit robust og godt drive kontor også i framtida. Då viser de klokskap, og vil gi utvikling i heile kommunen. Det har me som innbyggjarar krav på, same kor me bur.
Auklandshamn den 03.06.25
Dagfinn Fagerland Bjørge