Når resten av samfunnet går inn i fellesferiemodus, er det sommarferie på omsorgssenteret òg. Då endrar kvardagen seg. Medan dei tilsette avviklar ferie, reiser nokre bebuarar heim på ferie, medan andre kjem på korttidsopphald på heimen.
Ettersom eg klarte å brekke to lårbein, fall det i mitt lodd å tilbringa delar av sommarferien på korttidsavdelinga. Medan resten samfunnet var bekymra for at dei ikkje kom seg til syden eller fekk nok utepils, gjekk livet sin vande gang for dei som hadde sommaropphald.
Der er mange historier om korleis det er å bu på eit omsorgssenter. Dei fleste av desse historiane kjem frå folk som ikkje har eigne erfaringar i forhold til å bu der. Som gammal politikar og tidligare medlem av utval for Helse og omsorg i Sveio kommune, var det kanskje heilt på tide at eg fekk eit opphald, og sjølv fekk sjå korleis bebuarar og tilsette har det i kvardagen.
Sjølv om det var midt i ferieavviklinga, gjekk dagen i sin faste rytme. Dei første vekene eg var der var det svært varmt og strålande sol. Då sat me mykje ute i atriumet i midten av omsorgssenteret og samla vitaminar. Dei tilsette gjekk til og frå med saft, kaffi og til og med ein is i ny og ne.
Kva såg eg: Eg såg eit smilande personale, som var opptekne av at me skulle ha det bra, og kjenna på at me blei godt ivaretekne. Her vart det delt ut omsorg og varme og me var omgjevne av tilsette som ikkje visste kva godt dei skulle gjera for oss. Nydeleg mat, kake til kaffien og mange kjekke drøsar. For meg som er historieorientert, var det ei gullgruve av gamle historier og anekdotar rundt bordet og ute i solveggen.
Sjølv om det kanskje var lange dagar innimellom, ville eg ikkje vore opphaldet forutan. Det er ein flott gjeng som jobbar og gjer kvardagen god for dei som har midlertidig eller fast bustad på omsorgssenteret. Leiinga har gjort ein kjempejobb med å få personalet til å dra i same retning.
Litt malurt i begeret til slutt. Kanskje ein skulle hatt ein skikkelig gjennomgang av WiFi og internett. Neste generasjon som kjem på heimen må ein rekna med er fasta pc-brukarar. Slik det er nå, held det ikkje mål.
Bror E. Eriksen
Valevåg