meiningar

solfrid myhrematematikklekservikse skuleklasseromundervisningmatteelevar
Illustrasjonsfoto.

Skuledebatten og partipiska

Eg har har følgt skuledebatten i taushet, har lest lesarinnlegg, følgt møte i HOK og nå til sist formannskapsmøtet. I formannskapet og i reportasjen i Vestavind, nemner ordførar og varaordførar at dei har blitt kontakta av folk som er for samanslåing av skulane, men som vil vera anonyme. Dei vil ikkje stå fram med si meining, for dei er redde for konsekvensane. Eg er enig i at dette ikkje er bra, og at det er eit demokratisk problem at folk er redde for å ytre seg.

Kjære ordførar og varaordførar, det finst ei anna anonym og taus gruppe i denne debatten. Kva med politikarane i kommunestyret, representantar frå Ap og FrP, som vil oppretthalda skulane i Auklandshamn og Valestrand?

For skulen er viktig for mange, m.a. å ha levande og pulserande bygder som er til gode for heile kommunen vår. Desse skulane er også veldrivne.

Desse representantane som har eit anna syn, er også redde for å uttale seg offentleg. I tillegg blir dei utsett for eit stort press frå sine partifeller, som gjer kva dei kan for å få desse til å endre standpunkt i saka.

I saker som er av stor betydning for Arbeidarpartiet, kjem ofte partipiska fram. Då er det ikkje rom for andre standpunkt i saka, enn det som er bestemt. Blir det bestemt standpunkt det er umulig for representanten å følgja, blir ein sterkt oppmoda om å melde forfall til aktuelt kommunestyremøte, då vil ein vararepresentant for partiet bli kalla inn, vararepresentanten røyster i sakene, slik vedkommande får beskjed om.

Eg fryktar bruken av partipisk den 12. april, sjølv om Ap har uttalt at dei fristiller sine representantar, er eg redd for at dette er eit skalkeskjul, det skal høyrast så demokratisk ut.

Eg bekymrer meg over denne ukulturen, spesielt i saker som ikkje er nedfelt i valprogrammet til partiet, eller i saker der ein er såkalt fristilt. For meg er dette trussel mot demokratiet og vår ytringsfrihet.

Heidi N. Ljøen
Tidlegare kommunestyrerepresentant

Powered by Labrador CMS