meiningar

demonstrasjon skule skulenedleggjing engasjement skulestruktur8. mars 2021 kommunestyresalen
Stian Nygård, ein av dei uavhengige i kommunetstyret i Sveio er nestleiar i HOK. F.v. Hans Ole Emberland, Sølv M. Vesterheim, Ingrid P. Furdal (delvis skjult), Asle G. Halleraker, Stian Nygård, Andreas Sirevaag, John Kristian Økland, Leif Sverre Haga (skjult) og Tuva Økland. Med ryggen til sit politisk sekretær Bjarte Stølås Storli.

Skuledebatten frå dei uavhengige si side

Me er valde inn i Sveio kommunestyre på Sveio Høgre si liste, men me er også valde inn som Ole Johan Sveen og Stian Nygård, med retten til å ta eigne val.

Mange meiner me er plikta til å følje Sveio Høgre sitt program der ei tar til orde for å behalda skulestrukturen som er i dag. I valkampen, og i tida etter valet, var me tydelege på at me reserverte oss på dette punktet i Høgre sitt program.

Kommunestyret hadde i førre periode bedt om ein skulebruksplan utarbeida av uavhengige ressursar. Me var heile tida tydelege på at me ville venta til rapporten låg føre, før me tok stilling til saka. Dette meiner me er ei ryddig tilnærming i ei så viktig sak. Som politikar kan ein kan ikkje tinge ein slik rapport, og samstundes seie at ein ikkje vil ta omsyn til rapporten sitt innhald og konklusjon. Det var det likevel mange andre som gjorde.

Vi har sett oss grundig inn i saka, og kjem til å følje rådmannen si innstilling. Om me hadde vore medlemmer av Sveio Høgre i dag, hadde me likevel støtta rådmannen sitt forslag, og ikkje veit me om at ein nyttar partipisk i Høgre.

I valkampen stod me mykje på stand i Sveio sentrum. Der var me tydelege ovanfor dei som spurte, at me ville vente til den uavhengige rapporten var klar før me tok eit standpunkt. Ein skulebruksplan er viktig for store og små, og me ville som nemnt tidlegare ikkje forskottera noko, før me hadde sett oss grundig inn i planen som var tinga av eit samla kommunestyre.

Når det gjeld innhaldet i Sveio Høgre sitt program, var det ei kjend og avklart sak i Sveio Høgre at underteikna hadde reservert oss mot punktet som gjekk på skulestruktur i programmet.

Politisk usemje er ikkje noko nytt i Sveio Høgre, dei fleste hugsar opprøret mot eigen ordførar for nokre år sidan. Når me valde å melde oss ut frå partiet etter sist val, skuldast også dette usemje om vegen vidare. Me meinar no som då, at eit koalisjonssamarbeid med m.a. Senterpartiet ikkje var den beste løysinga, og skulle gjerne sett at andre alternativ blei betre kartlagde før ein tok eit val. Høgre er eit parti som tradisjonelt er for større einingar og samanslåing, då er kanskje ikkje Senterpartiet det mest nærliggande partiet å samarbeida med.

Me noterer oss også at opposisjonen er særs opptatt av at Ap sine medlemmer må fristillast i skulesaka – me tek det difor for gitt at opposisjonen også lar dette gjelde for sine medlemmer og at dette blir flagga høgt og tydeleg.

Når det gjeld innhaldet i Sveio Høgre sitt program, var det ei kjend og avklart sak i Sveio Høgre at underteikna hadde reservert oss mot punktet som gjekk på skulestruktur i programmet. Tilbakemeldinga her var, at i slike saker er ein fristilt. Kvifor dette ikkje blei kommunisert frå Sveio Høgre i til dømes paneldebattar, kan ein undrast over…

Når viktige saker som opptar folket skal avgjerast, blir det debatt. Det er bra. I kampen om å bli høyrt og vinne fram med sin bodskap, kan det hende at ein ikkje er like saklege. Det har me full forståing for, og kan eit stykke på veg akseptere dette. Men me synest likevel at ein skal unngå karakteristikkar som: «kjøpt og betalt», «planlagt kupp», «udemokratisk» eller «å segle under falskt flagg». Eit slikt ordskifte tener ikkje debatten. Me tar gjerne ein debatt på sak og kvifor me meiner at rådmannen sitt forslag er til beste for alle ungane i Sveio.

Med venleg helsing
Ole Johan Sveen og Stian Nygård
Uavhengige i Sveio kommunestyre

Powered by Labrador CMS