meiningar
Skulane skal bestå
I Sveio er me heldige som har gode skular som ligg nær der folk bur, skular som leverer gode resultat til ein pris som er lågare enn kva skulane kostar i kommunar me kan samanlikna oss med. Rapporten frå Telemarksforsking kjem med fleire nummererte anbefalingar, der fleire av grendeskulane er forslått nedlagt heilt eller delvis, noko som vil gi ein estimerte innsparingar på inntil 4,3 millionar kroner.
Dette er småpengar i den store samanhengen, særleg når det gjeld framtida til våre barn! Ein har planlagt store kommunale investeringar i åra som kjem – badeanlegg, fleirbrukshall, brannstasjon og så vidare – alt dette er i god meining for å gjera, som ordføraren sa i sitt lesarinnlegg om budsjettet; «Sveio er, og skal vere, ein god stad bu og leve, her skal vi ha vilje til vekst.»
Sveio Sp meiner bestemt at den aller viktigaste tenesta kommunen kan gi til innbyggjarane våre er ein god skule nærast mogleg der ein bur. Plasseringa har ikkje alt å seia vil nok mange meina, men ulempene ved å flytta skulane frå lokalsamfunna vil vera store for elevane. Alt for store etter vår meining. Lange bussturar til og frå skulen på trafikkfarlege vegar for ein førsteklassing er ikkje optimalt, langt i frå optimalt om du legg til at dei er utan tilsyn frå vaksne og blanda med alle årstrinn heilt opp til ungdomsskulen. Korleis blir det med mobbeproblematikken på større enhetar? Kan nedlegging føre til etablering av private alternativ, med ein svekka offentleg skule som resultat? Spørsmåla er mange. Me veit kva me har, ikkje kva me får.
Større er ikkje alltid betre! Telemarksforsking seier jo også at skulane i Sveio er godt drevne og leverer gode resultat, så kvifor endre dette no?
Sveio skal vera ein god kommune å bu i, og me vil gjerne dela dette med fleire – vilje til vekst! La oss bygga vidare på og heller styrka dei gode skulane me har, og dermed støtta lokalsamfunna i Sveio til å verta attraktive for nye innbyggarar. Dei som flyttar til Sveio søkjer seg ut frå byen og det urbane, til det rolege og trygge bygda har å by på. Då er det ikkje så viktig med gåavstand til alle byens fasiliteter – men få om ingen vil utsetta ungane sine for lange bussturar på trafikkfarlege vegar!
Sveio Sp håpar på ein open og god debatt rundt framtida til skulane våre i tida som kjem, og håpar me kan få med oss resten av partiene i kommunestyret til ei felles løysing til beste for elevane kommunen og grendene våre.
Sveio Sp vil behalda skulestrukturen som den er i dag!
Monica V. Valen, Arne Valen, Dagfinn Bjørge og Andreas Sirevåg og Ole Velde
Kommunestyrerepresentantar i Sveio Senterparti