meiningar
Skatteparadiset Sveio
Berre litt historie fyrst: I 1969 vart det sagt av ein i kommunestyret at når alt var betalt så var det mest ikkje meir penger i kassen. I 1975 stod det i Haugesunds Avis at når Sveio kommune hadde betalt all skyld så var det jamt over tomt i kommunekassen.
Sveio har ikkje dei heilt store inntektene som kjem inn i kommunekassen, det er skatt, avgifter, gebyr og andre inntekter som ikkje eg veit namnet på. Nå stod det ein notis i Vestavind at inntektene til kommunen ikkje var så bra og ein måtte få utgiftene til kommunen ned. Så, i same andedrag skvatt FrP- og Ap-politikarane fram og fortalde at eigedomsskatten skulle bort, og formuesskatten skulle reduserast. Nå har jo eg ekstremt begrensa kjennskap til økonomiske krumspring, men er det ikkje noko merkeleg å fortelja ein dag at ein har lita inntekt, for så neste dag fortelja at ein kan klara seg med endå mindre?
Eigedomsskatten utgjer for dei det gjeld svært lite og ein merkar det knapt, men for kommunen sitt vedkommande så kjem denne inntekta veldig godt med. Eigedomsskatten har ein sosial profil som medfører at kommunen har betre velferdsramme for innbyggjarane. Kommunen må etter mitt begrep ta imot alle inntekter med opne armar.
Dei som styrer og bestemmer i hovudstaden har gjort endringar i inntektsutjamningssystemet, som gjer at nedsett formuesskatt har blitt ein dyr politikk. Kommunen må dekka inn den skatteletta som dei gir sine eigne innbyggjarar, deretter må dei dekka ein andel av det tapet dei påfører andre kommunar ved å gi sine nye innflyttarar redusert formuesskatt. Totaleffekten er vanskeleg å berekna, nøyaktig for den avhenger av kor mykje inntektsskatt dei nye innbyggjarane bringer med seg.
Det vert privatøkonomisk lønsamt å flytta til Skatteparadiset Sveio ved redusert formuesskatt, men det vert ikkje dermed meir lønsamt å skapa arbeidsplassar lokalt. Kapitalen som dei nye innbyggjarane eig, kan vera investert kor som helst utan at det påverkar skatten.
Har kommunen greia ut dette med redusert formuesskatt? I Bø kommune i Vesterålen vart vedtaket gjort med eit pennestrøk utan noko form for utgreiing – konsekvensanalyse. Når ein set ned formuesskatten kan det føra til meir verdiskaping og aktivitet, men det kan samtidig føra til ein kraftig reduksjon i inntektene dersom ein ikkje får desse kompensert.
Det er jo fasinerande kva nokre politikarar finn på av populistiske tiltak for å skapa blest omkring seg sjølve som handlekraftige og gjera seg lekre for nokre få. Slik det vart formulert i Vestavind så vart dette forslaget (egget) lagt og ruga ut av FrP sine representantar, men Ap er jo også i same rugekasse og det er nærliggjande å anta at rugeprossesen var gjort i lag.
At FrP kjem med populistiske og lite gjennomtenkte forslag er jo eit kjend fenomen, men at Ap hiv seg med i denne runddansen synes eg er litt pussig, for den sosiale profilen her er ikkje i tråd med Ap sin filosofi for sosial utjamning.
Når alle desse kommuneinntektene er borte, så finn ein det naturleg å undra seg over korleis det skal kompenserast, kva ein skal ta bort og kva skal bestå.
Nå er som kjent Sveio styrt av dei som kallar seg uavhengige, Ap og FrP. Mitt håp er at det i Ap finst i alle fall ein, eller helst fleire, som kan forklara FrP at for å oppretthalda Sveio kommune sin skulestruktur, eldreomsorg og elles alle andre av kommunen sine oppgåver og plikter, så er det behov for inntekter for å oppretthalda det slik som innbyggjarane forventar.
Ap er eit sosialdemokratisk parti som skriv i partiprogrammet sitt at dei skal sørga for ein sterkare velferdsstat til alle, uansett kor du bur eller kven du er. Så er det då berre for Ap å praktisera dette, for når Ap ikkje står opp for den vetle kvinne og mann så har ikkje Ap livets rett lengre.
Det er brei semje blant politikarane at ein skal ha levande bygder, og då må det utførast i praksis i det daglege liv. Som eit minimums-krav til politikarane, må ein forventa at det er forutsigbarheit, og ikkje påfunnsstyrt det som dei held på med.
Skal borna lida og dei eldre ta støyten, for at politikarane sviktar når det gjeld?
Jon Arne Valen
Valevåg