meiningar

Det mest drastiske grepet som er føreslått er å fjerne minstenorm for lærartettleik i grunnskulen, eller å endre den til kommunenivå. Begge deler vil vere ein katastrofe for barna våre, skriv Leif Sverre Haga og styret i Utdanningsforbundet Sveio.

Skal ein kommune bli meir berekraftig av tåpelege innsparingar?

I desse dagar ligg det ute ei høyring med tittel «ein berekraftig kommunesektor», der styrande organ vil ha våre tankar på kommunekommisjonens forslag om å fjerne bortimot alle øyremerkingar og minstenormar for bemanning og kvalitet. Tanken om at kommunen skal bli meir berekraftig av å fjerne føringar om kva noko av pengane skal brukast til, er uforståeleg for oss. For det er jo ein grunn til at desse føringane og reglane er der i utgangspunktet.

Det er blant anna føreslått å fjerne øyremerking til fysiske lærebøker, vegleiing av nyutdanna lærarar, vanntilvenning i barnehage og mange andre ting. Kva trur de vil vere følgene av det? Jo, dei fleste plasser vil desse tiltaka forsvinne, fordi kommunen må ha fleire plasser på eldreheimen eller i heimetenesta. 

Derimot har ikkje behovet for desse andre tiltaka minka, snarare tvert i mot. Då må ein spørje seg: kva var poenget med desse øyremerkingane i utgangspunktet? Jo, å sikre at alle barn får desse tilboda, uavhengig av kva kommune dei bur i. Nettopp det å sikre likeverdige og gode tilbod til barn og unge, bør vere noko alle er einige i.

Det mest drastiske grepet som er føreslått er å fjerne minstenorm for lærartettleik i grunnskulen, eller å endre den til kommunenivå. Begge deler vil vere ein katastrofe for barna våre. Me gjer ikkje skulen betre, ved å ta bort ein haug med lærarar. Og viss du seier at det ikkje kjem til å skje, må du ta ein kikk på historikken, og korleis stoda var før minstenorma for lærartettleik vart innført. 

Klassane vart større og større, men med enorme forskjellar frå skule til skule og kommune til kommune. I følgje Utdanningsforbundet sine berekningar, har innføringa av minstenorma ført til 2500 ekstra lærarar i norsk skule. Det gjer skulen betre. Det gjer skulekvardagen til ungane betre. Det aukar sjansen for at alle barn blir sett, og har det trygt og godt slik at dei kan lære.

Ei endring av minstenorma til kommunenivå, vil og føre til eit mykje meir ulikt opplæringstilbod for barna våre. Små skular har aldri hatt fordeler av minstenorma, fordi dei må ha eit minimum av vaksne for å få kabalen til å gå opp. Dei drar alltid snittet ned i ein kommune. 

Ved ein minstenorm på kommunenivå, vil ein kunne ha mykje dårlegare lærardekning på den eller dei store skulane, fordi snittet blir dratt kraftig ned av dei små. Då legg me opp til enda større forskjellar og innad i kommunane, der elevar på ein stor skule får vesentleg mindre tid med læraren sin enn på ein liten skule. Er det verkeleg det me ynskjer?

Skal ein gjere endringar på minstenorma for lærartettleik, må den styrkast, ikkje svekkast. Denne ressurssikringa vart innført i 2018, og har ikkje fått verke så lenge. Sidan dess har elevgruppa fortsett å endre seg i tråd med samfunnet elles. Den gjennomsnittlege elev har fleire utfordringar som krev tilpassingar, og fleire individuelle rettar som barna og dei føresette krev. 

For lærarar så betyr dette i praksis at mykje meir tid blir brukt på oppfølging av enkeltelevar, planlegging av tilpassa opplegg og fleire møter med føresette og hjelpeinstansar. For ikkje å snakke om alle dokumentasjonskrav som kjem i tillegg. Å bevare minstenorma for lærartettleik sikrar elevar i den norske skule eit betre og meir likeverdig tilbod, men er og viktig for å behalde og rekruttere lærarar til yrket.

Til slutt vil me og åtvare mot å endre minstenorma for lærartettleik til skulenivå. Det er ein grunn til at den er laga slik den er no, der lærartettleiken er størst blant dei unge. Dette heng saman med den tverrpolitiske satsinga på tidleg innsats. Ved å fjerne minstenorma på hovudtrinnsnivå, viser historia oss at denne tettleiken vil flytte seg oppover i klassetrinna, og nærare ungdomsskule, karakterar og eksamen. Det trur me ikkje er lurt, og vil i nokon grad slå bein under satsinga som skal sikre alle elevar ein god og trygg skulestart.

Det faktum at det er ofte kan vere fleire lærarar i klasserommet no, der det før alltid berre var ein i kvar klasse uavhengig av storleik, har ein positiv effekt på mengda individuelt tilrettelagt opplæring (ITO). Me jobbar i ein kommune der dei har satsa på ei tolærarordning i basisfaga. Det har ført til at me klarer å ramme inn fleire av elevane i det ordinære tilbodet, fordi me i større grad klarer å tilpasse og følgje opp. 

Det gjer at kommunen vår bruker vesentleg mindre på ITO, tidlegare spesialundervisning, enn tidlegare. Dette er bra, fordi mange fleire får nyte godt av tilbodet, og me er trygge på at ved å fjerne den ekstra vaksne, så vil andelen elevar som treng ITO auke.

Skal kommunen i større grad vere berekraftig gjennom demografiendringane og framtida, må staten sørge for tilstrekkeleg finansiering av kommunen sine oppgåver, eller ta tilbake noko av ansvaret som er plassert i kommunen. Fjerning av minstenormar, som berre skal fungere som ei sikring av eit minimum av ressursar til ulike pålagte oppgåver, må ikkje fjernast eller endrast til det verre.

Styret i Utdanningsforbundet Sveio

Powered by Labrador CMS