Kraftdebatten rir Noreg og Europa. Folk tar til gatene, sosiale medium flaumar over av frustrasjon, engasjement og meiningar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette er krevjande tider for veldig mange.
Samstundes står vi overfor fleire store, krevjande og alvorlege trugslar, som klima, krig og endringar i sjølve verdsøkonomien. Alt dette påverkar også oss i Noreg, uavhengig av kor mykje midlar staten får inn eller gir ut.
Samstundes som dette rører ved privatøkonomien vår, handlar situasjonen vi står i også om velferdsstaten si framtid, og korleis dei neste generasjonane blir påverka av vala vi tar i dag.
Vi må være med på endringa, for vi i Noreg er ein del av utfordringane, løysingane og framtida. Inn i denne endringa skal staten trygge hushaldningar, bedrifter og personleg økonomi.
Regjeringa var rask med straumstøtte til hushaldningane. Ein familie i det høgaste prisområdet med eit forbruk på 20 000 kWh/år har så langt betalt om lag 19 800 kroner i straum. Utan straumstøtta ville dette utgjort 31 200. Det er ei differanse på 11 400 kroner. Regjeringa skal dekke straumrekninga så lenge det trengst, og aukar nå straumstøtta til 90% over 70 øre pr. kilowatt time.
Regjeringa har over tid hatt tett dialog med vasskraftprodusentane i Sør-Noreg. Dei må nå rapportere kvar veke på korleis dei bruker vassmagasina, slik at vi ikkje havnar i ein situasjon der vi må rasjonere straum.
Dette har gitt resultat, kraftprodusentane har følgt opp. Gjennom sommaren er kraftproduksjonen redusert og fyllingsgraden er aukande. Vi har nå meir vatn i magasina enn det prognosene før sommaren viste ville være fyllingsgraden ved inngangen til hausten.
Regjeringa har tatt grep med å redusere nettoeksporten frå Sør-Noreg frå 8 TWh på samme tid i fjor til under 2 TWh i år. Samstundes har vi importert betydeleg kraft frå kablane som går til utlandet. Dette er noko vi ikkje ser ofte om sommaren i det norske kraftsystemet.
Fleire bedrifter i Sør-Noreg varslar nå at dei står i fare på grunn av høge straumprisar over lang tid. Regjeringa jobbar derfor saman med partane i arbeidslivet med tiltak retta mot næringslivet for å ta vare på arbeidsplassane til folk.
På lengre sikt er det viktig å auke produksjonen av grøn energi og skape nye arbeidsplassar. Derfor har regjeringa lansert ambisiøse planer for havvindutbygging. Vi skal utvikle kraftforsyninga på ein måte som også gir oss tryggleik på lang sikt. Slik vil vi sikre Noreg konkurransefortrinn med rimeleg kraft.
Regjeringa vil også sjå enda nærare på straumstøtteordninga for å sikre hushaldningar som er særlig utsette for økonomiske svingingar. Regjeringa har auka bostøtta, gitt ekstra støtte til studentane og løyva meir pengar til kommunane for å hjelpe spesielt sårbare hushaldningar.
Regjeringa si oppgåve er å sikre trygg økonomisk styring for oss og velferda vår. Den norske modellen er bygd på fellesskap, og at vi stiller opp for kvarande i krisetider. Det neste året vil krevje mykje av oss alle, men vi skal komme oss gjennom det, saman.
Linda Monsen Merkesdal (Ap)
Medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget