meiningar

Siloballar langs hovudvegen mellom Haugesund og Sveio, i Sveio kommune. Illustrasjonsfoto.
Siloballar langs hovudvegen mellom Haugesund og Sveio, i Sveio kommune. Illustrasjonsfoto.

Refleksjonar å ta med seg

Brevet er sendt til kommunestyret i Sveio, rådmann og kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Det er snakk om å fjerne grunnlaget for tilflytting, limet i bygda og den trygge kvardagen til elevane og familiane deira. Me har to velfungerande skular i Auklandshamn og Valestrand der elevane oppnår gode resultat og trivst godt, men føler me ikkje blir lytta til.

Korleis kan me forstå kvarandre betre? For oss i ytterkantane verkar det nytteløyst å bli høyrd. Kva kan me gjera for sentrum sånn at dei i sentrum skal bry seg meir om heile kommunen, også oss i bygdene? Korleis kan me hjelpa til med å «samla kommunen»?

Me vil jo gjerne at det skal vera attraktivt å bu både her og der, og at borna skal ha ei god og trygg oppvekst og vera stolte av kor dei kjem frå. Det har blitt meir og meir «populært» i denne debatten å snakke om «det beste for ungane», derfor vil me opne dette brevet med utdrag frå barnekonvensjonen og frå opplæringslova.

Barnekonvensjonen:
«Ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn.»

Rådmannen sitt svar til FAU er at omsynet til borna sitt beste har vore styrande for heile rådmannen si sakshandsaming. Me finn det svært kritikkverdig at rådmannen sine vurderingar ikkje tek sikte på heilskapen i livet til borna.

Bør ikkje heile bornet som eit levande vesen med alle sine behov verte teke i betraktning? Då tenkjer me så klart på fysisk aktivitet, kvile og søvn. Dei skal få vera opplagde til skulekvardagen, men og ha tid til å vere born; leike og vere aktive i nærmiljøet etter skuletid. Fleire vil miste dette om utfallet blir å legge ned grendaskulane.

Opplæringslova § 8-1: «Grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til».

Me håpar sjølvsagt de vil hjelpe oss å bevare skulen i nærmiljøet til borna i Valestrand og Auklandshamn. Fordi me trur at det er det som er det beste for ungane.

Då me sende invitasjon til busstur, bad me også om at de gjerne kunne reflektere over konsekvensene ved ei eventuell skulenedlegging. Me har teke oss fridomen til å komme med nokre tankar sjølv. Om ein har prøvd desse bussturane elevane må ta morgon og ettermiddag eller ikkje, håpar me de vil lese gjennom dette før måndag. Det gjeld økonomi, kultur, kapasitet, kvalitet og transport.

Økonomi. Det vart sagt på formannskapsmøtet at økonomi ikkje har vore drivande for denne saka. Likevel er det verdt å reflektera over det økonomiske aspektet, for det kan verka som om det heile byrja med dette? Eller? Me veit frå Telemarksrapporten at kommunen estimert kan spara 2.7 millionar på å legge ned skulane våre og sende elevane til Førde skule. Er desse innsparte (små)pengane, 2,7 millionar, berre rekna ut frå kva det kostar å driva desse skulane?

Telemarksforskning sitt estimat baserer seg på at skulane blir selde, slik at kommunen sparer utgifter som gjeld oppvarming, vedlikehald o.l.

No som kommunen har bestemt at skulane ikkje skal seljast, blir innsparinga mindre. Styrar i barnehagen i Valestrand må dessutan tilsetjast (styrar no er rektor). Det nye elevtalet i Førde ved nedlegging tilseier at inspektør må tilsetjast. Kostnader ved utbygging av Førde skule er ikkje utgreidd. Kor mykje er det eigentleg å spare her?

Er det elles teke i betrakning at skattebetalarar kanskje kjem til å flytte frå kommunen? Eller at fleire ikkje vurderer tilflytting viss det manglar skule? Er det teke i betraktning at elevane her trivst så godt at me etter kvart kan forventa at dei har lyst til å komma tilbake, kanskje stifta familie og ha ungane sine på skulen dei sjølve har gått på? Er det teke i betraktning at kanskje barnehageungane i kommunen blir flytta til andre kommunar dersom skulane ikkje er her fordi det er vanskeleg å få tidskabalen til å gå opp?

Kultur.Me synest det er viktig å dra fram følgjande frå Telemarksrapporten:

«Ein grunnlagsrapport for moglege skulenedleggingar i Steinkjer kommune frå 2012, trekkjer fram følgjande funksjonar for skulen:

• Inkludere tilflyttarar
• Foreldre vert kjend med kvarandre
• Fritidsaktivitetar for barn og ungdom
• Kultur- og idrettsaktivitetar for ulike aldersgrupper
• Uorganisert møteplass for barn, unge og vaksne
• Møtelokale og arkiv/lager for lag og foreiningar
• Arrangementslokale
• Følgjer for busetjing»

Vidare vil me dra fram argument som gjeld dugnadsånd, først i Auklandshamn, deretter Valestrand.

Auklandshamn

I fjor vinter fekk Sveio kommune tilskot til bygging av dagsturhytta som Vestland fylke tilbyr alle sine kommunar. Det blei då sendt ut melding frå kommunen om forslag til kor denne hytta skulle liggja. Plasseringa var opp til kommunen og skulle vurderast etter visse kriterier.

Det blei då bestemt at hytta skulle ligge ved stien opp til Emberlandsnipen i Auklandshamn. Auklandshamn bygdelag blei spurt om å ha tilsynsansvar for denne hytta, og sjølv om det inneber mykje arbeid og ansvar, valde me å akseptere førespurnaden då me såg dei positive effektane våre born ville få som følgje av denne. Dagsturhytta skulle blant anna bli utstyrt med eit lite nynorsk bibliotek som våre skuleborn kunne nytte på turdagane sine ved Auklandshamn skule

Til no har bygdefolket lagt ned utruleg mange dugnadstimar i alt i frå å grave ut tomta til hytta for hand til å lage terrasse. Men no før hytta er offisielt opna vil altså kommunen leggje ned skulen. Dette oppmuntrar ikkje akkurat til vidare frivilligheit og dugnadsiver for kommunen.

Vidare kan det nemnast at dette med dugnadsånd for ein skule er viktig. Kan ein vente at føresette i ytterkantane av Førde skule skal drive dugnad på ein skule dei ikkje føler tilknyting til? Og kan det hende at ungane mister tilknyting til bygda fordi dei ikkje går på skulen her, og dermed ikkje ser verdien i dei flotte tilboda som er i nærmiljøet? Korleis skal ein klare å halde liv i idrettslag, ungdomslag og andre tilbod bygdene har til borna når dei vert flytta til Førde som og har dei same tilboda?

Valestrand

LivOGLyst-prosjektet nord i kommunen er ei felles satsing for Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Norge der målet er å skapa attraktivitet for lokalsamfunn. Valestrand blei i 2019 satsa på ved å bli tildelt midlar for eit eittårig forprosjekt, og blei deretter teke opp i ein treårig hvoudprosjektperiode.

Å skape entusiasme, attraktivitet, grobotn for lokalt næringsliv og entreprenørskap har vore hovudmålsetjingane for LivOGLyst-prosjektet i Valestrand, og Sveio kommune har støtta aktivt opp med midlar, noko me er takksame for.

I 2020 knytta me til oss samfunnsutviklarane i Léva Urban Design. Dei gjennomførte ein stadanalyse av Valestrand, og leverte deretter ei moglegheitsstudie der ressursane og potensialet til den nordre delen av Sveio kommune kjem tydeleg fram, som kunnskapsgrunnlag og inspirasjon for det vidare arbeidet, og med anbefalingar til konkrete satsingsområde.

LivOGLyst-prosjektet har skapt stor optimisme og brei entusiasme i lokalsamfunnet vårt, og planlegginga av den første store dugnaden sommaren 2021 er i gang. Som kjent er dugnadsånda sterk og organisasjonslivet rikt i Valestrand.

Framlegget om nedlegging av nærmiljøskulen i Valestrand kjem på det verst tenkelege tidspunktet med tanke på den viktige fasen LivOGLyst-prosjektet er i akkurat no, og ei nedlegging vil kortslutte ein heil del av planane våre.

Vidare kan det nemnast for kulturbygda Valestrand at alt i fleire år har ein spesielt interessert kunstnar eller forskar fått høve til å bu og arbeide gratis i Fartein Valen-heimen for ein kortare periode. Friviljuge i Valenheimen kulturscene har dei siste fem åra skapt ei rekke kulturarrangement for barn og ungdom innanfor litteratur, musikk og teater, og har hatt samarbeid med barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.

I dei siste åra har det skjedd praktiske førebuingar i Valestrand med sikte på å kunne tilby tilsvarande gjesteopphald for arbeidande kunstnarar eller intellektuelle på Einstadbøvold gard og på Øklandstunet. Mellom anna har Riksantikvaren medverka til restaurering og vern av det flotte stallbygget på Einstadbøvold, slik at dette kan nyttast både til utstillingar, teaterførestillingar og konsertar. Den private gjestestova, «Muren» blei opna som møtelokale for kulturarrangement hausten 2017.

Øklandstunet har underteikna intensjonsavtalar med Nynorsk kultursentrum og Sunnhordland museum om opphald og tilgang til diverse samlingar. Ved fleire høve har tilreisande lesargrupper og studerande einskildpersonar alt oppsøkt «tunet». Dei tre oppphaldstadene  er elles svært ulike når det gjeld tilbod og historikk. Det ligg føre planar om å etablere slike opphaldsstader også andre stader i bygda, men desse er ikkje komne så langt som dei tre førenemnde.

I framtida vil tilbod om gjesteopphald og utveljing av gjestande personar skje gjennom søkjarane sine respektive fagorganisasjonar. I tilknyting til dei ulike gjesteopphalda  kan bygdelaget vera hjelpsam med å få i stand lokale utstillingar, konsertar, føredrag eller liknande, alt etter kva dei gjestande kulturpersonane måtte kunne presentera eller ønskja.

Sams for alle desse tiltaka er ei vitalisering og ei utviding av kontakten mellom lokalsamfunnet og storsamfunnet, noko som kan vere eit gode for begge partar. Nettopp ved ei slik fornying i bygdesamfunnet vil det vere tragikomisk om ein samstundes legg ned det lokale og veletablerte oppvekstsenteret og skyssar skuleborna bort frå bygda si på dagtid.

Kapasitet.Førde skule har kun kapasitet til 168 elevar. Dersom elevane frå begge skulane skal flyttast til Førde blir dei 185 elevar til saman. Det står i rapporten at potensiell kapasitet kan være 183 elevar, men dette betyr at det må være meir enn 21 elevar i kvart klasserom. Korleis løyser ein dette når ein skal ta omsyn til smittevern? Og kva med uteområdet? Er det stort nok til så mange elevar? Her må me også nemne økonomi, fordi det truleg blir kostbart å oppgradere/bygge ut, viss det i det heile går an å bygge ut. Me tenkjer og på lærarane, og korleis ein skal løysa dette med arbeidsplass og pauserom. Sitat frå Telemarksrapporten: «Ved høg elevtalsutvikling kan det bli vanskeleg med plassen.»

Så er det verd å nemne at administrasjonen har svart at det ikkje finst empirisk grunnlag for å anta elevauke eller minke verken i Førde eller i nemnde bygder. Kvifor skal me då anta at det kjem til å minke i folketal rundt Valestrand og Auklandshamn skule? Bør me ikkje heller legge til rette for vekst i heile kommunen?

Kvalitet. Det verkar som om læringskvaliteten blir snakka på både Auklandshamn og Valestrand for tida, og at denne vil bli betre med ein større skule. Skal elevar og lærarar kanskje få ein betre skule fordi lærarane får eit betre læringsmiljø? Kvifor blir dette læringsmiljøet betre? Basert på denne teorien synest me og det er rart at små firma med få engasjerte tilsette ofte er innovative og framoverlente, medan store firma har ein tungrodd og ineffektiv organisasjon, der ein berre blir ein del av mengda.

I tillegg kan me spørje: Trur de ikkje ein god lærar vil vere like god uansett kor i kommunen vedkommande jobbar? Det er klart at arbeidsoppgåvene vil vere annleis for ein lærar på ein fådelt skule enn på ein skule med fleire kollegaer, men her kan ein argumentere for både det eine og det andre. På ein liten skule vil det til dømes vere lettare å arbeide tverrfagleg fordi det er lettare å få oversikt. Dette er i tråd med den nye læreplanen.

På ein større skule har ein fleire kollegaer å snakke med, men ifølge fleire lærarar er det ikkje alltid så god tid til kollegialt samarbeid uansett, og internett gjer at ein alt no samarbeide på tvers av dei fem nærskulane i Sveio, og i landet forøvrig viss ein ynskjer det, noko som gjeld stor som liten arbeidsplass. Det viktigste aspektet når det gjeld kvalitet, er nok at det er vanskeleg å bli ein «usynleg» elev på ein mindre skule. Her blir ein sett og kan få sosial og fagleg hjelp, gjerne raskare enn på ein skule med fleire elevar.

Det er og verdt å nemne «tidlig innsats» på Valestrand oppvekstsenter. Her er det trygge rammer for borna frå dei går i barnehage til dei byrjar på skulen. Samarbeid på tvers her er lett å få til. Det å gå i barnehage og skule i samme bygg gir ein unik moglegheit til å trygge borna og byrje tidleg med dei gode relasjonane. Borna er kjent med dei vaksne frå før og ser skuleelevane dagleg frå dei er små slik at når dei sjølv byrjar på skulen er ikkje overgangen så stor. Det gir eit grunnlag for trygge barn og glade barn.

Me lurer vidare på korleis ein kan meine at skuledagen bli betre av å ta buss over lange strekningar. Me er redd det er fleire som kan bli negativt påverka av dette, noko som truleg vil gå utover skulekvardagen til elevane det gjeld. Det er alt ein del støy på skuleruta som går i dag, og det vil nok ikkje bli betre med fleire ungar på bussen. Det vil fort gå ut over dei minste.

Det ligg og ein helsegevinst i å kunne gå heim frå skulen. Etter ein lang dag på skulen der ein sit mykje i ro, er det godt å kunne bevege seg. Når ungane går på nærskulen sin kan mange gå heim etter skuledagen. På helsenorge.no, under fysisk aktivitet for barn i ulike alder + nasjonale anbefalinger, står det at ein bør legge til rette for at borna kan gå eller sykle til skule eller andre aktiviteter. Det får ein ikkje ved å ta buss over lange strekningar slik borna blir pålagt å gjere om skulane blir lagt ned.

Og kanskje det viktigaste for fleire her, i alle fall for dei det gjeld; elevane, nemleg gode vener. Det er snakk om at det er lettare å finne vener på ein stor skule. Men korleis skal venskap kunne vedlikehaldast på fritida? Det kan bli problematisk å møte vener på grunn av avstand, noko ein må rekne med at borna har eit sterkt ønske om. Ein må då stole på at føresette kan skysse til og frå. Dette kan bli ei stor utfordring for familiar som skal få kvardagen med arbeid og skule, fritid og aktivitetar til å gå i hop.

Valestrand oppvekstsenter gir tryggleik for borna frå dei er små til dei er store. Det å gå i barnehage og skule i same bygg gir mange moglegheiter. Borna er kjent med dei vaksne og elevane på skulen frå dei er små. Overgangen frå barnehage til skule blir smidigare. Det gir trygge og glade barn. Er ikkje det eit viktig argument for å behalde skulen?

Skyss.Når det gjeld punktet med skyss, har me nokre spørsmål me ynskjer svar på.

Skyss og pandemi. Korleis har ein tenkt å løyse transport og samtidig ivareta smittevern for dei små? Viss ikkje politikarane er skeptiske til at smittevern blir overheldt på bussen, korleis kan me då stole på at det blir trygt for ungane?

Busstopp i Førde. Korleis vil avlevering og henting foregå i Førde, reint praktisk? Er busshaldeplassane eigna for så mange elevar og bussar?

Trivsel og lang skuleveg. I kronikken «Lang skoleskyss påvirker trivsel» (ekstern lenke) av Roar Amundsveen, forskar i Nordlandsforskning, kjem det fram aktuelle fakta. Nordlandsforskning gjennomførte ei spørjeundersøking i 2003 som vart gjennomført på 32 skular i 11 fylke. Undersøkinga viser at dei yngste elevane vektlegg ulempene ved auka skuleskyss i forbindelse med skulenedleggingar sterkt.

I Noreg er det lovfesta på fleire måtar at born og unge har rett å bli høyrt i saker som angår dei. Den norske grunnlovens § 104 seier det slik:

«Barn har krav på respekt for sitt menneskeverd. De har rett til å bli hørt i spørsmål som gjelder dem selv, og deres mening skal tillegges vekt i overensstemmelse med deres alder og utvikling. Ved alle handlinger og avgjørelser som berører barn, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn.» (Lovdata 2018)

Har borna sine meiningar blitt høyrde i denne saka?

Amundsveen skriv om gjennomsnittseleven som tidlegare dro heimefrå mellom 10 og 20 minuttar før skulen byrja, medan dei etter nedlegging måtte dra heimefrå mellom 30 og 40 minuttar før skuledagen byrja. Samtidig med at det sosiale miljøet vart større, synest det å forekomma noko meir mobbing på den nye skulen. Skulevegen var den faktoren det var mest misnøye med.

Føresette som i utgangspunktet var positive til skulenedlegginga har endra syn i etterkant fordi det viste seg at mobbing ved den nye skulen var blitt eit større problem enn dei hadde forutsett. Skulenedlegginga medførte at færre elevar deltok i aktivitetar på skulen enn tidligare, og dette gjaldt spesielt elevane med lengst avstandsauke til ny skule. Amundsveen konkluderer med at skulenedlegging nesten alltid førte til lenger skyss for involverte elevar, og lange skyssavstandear er belastande, særlig for dei yngste elevane.

Nasjonal transportplan (Barnas transportplan)

Viktige mål som Barnas transportplan tar opp er:

    • Barn skal kunne ferdes trygt til skole og andre aktiviteter
    • Flere skal velge å gå eller sykle til skole og fritidsaktiviteter
    • Barn og unge skal ha leke- og møteplasser i sitt eget nærmiljø
    • Barn og unge skal kunne bevege seg fritt og ha en egenstyrt mobilitet.

For at borna skal kunne ferdast trygt, ser me helst at det er tilsette som kan vera med på transporten for dei minste med lengst reiseveg. Er dette blitt diskutert? Kva vil det i tilfelle koste med eit slikt tiltak? Skal det utbetrast busstopp på utsette stader? Ein ting er at eldre elevar klarer å ta bussen frå krysset på Fagerland. Ein annan ting er om 5 og 6 år gamle ungar klarer det same. Er det forsvarleg at dei skal stå på slike plassar når det er mørkt og glatt?

Til slutt vil me nemne tre svar til høyringsfråsegnene som blei sendt inn.

I ein kommentar frå kommunen under «Høyringsfråsegner med kommentarar frå administrasjonen» heiter det at «Vi har likevel ikkje empiri som tilseier at det går føre seg mykje plaging på skulebussane i Sveio

Dette synest me er hårreisande fordi me opplever det rett og slett som usant. Det finst nok av føresette som kan fortelje om at borna deira har opplevd plaging og mobbing på bussen til og frå skulen. Nokre seier og at borna deira må ta ein annan buss, eller bli henta, fordi dei ikkje ser det som trygt å sende bornet sitt med bussen dei eigentleg skulle tatt. Kva har skjedd? Veit ikkje administrasjonen om dette?

I eit anna høyringsfråsegn blei det stilt spørsmål om å endra krinsgrensene då me veit at det er eit stort engasjement i Buakrinsen der dei ynskjer å la borna gå på skule i Auklandshamn. Då fekk me følgjande svar frå administrasjonen: «Det vil ikkje vera rett å flytta desse ut av det kjente miljøet deira ved Sveio skule mot deira eige ønske».

Dette svaret finn me svært provoserande. Når det gjeld 5-10 elevar på Sveio skule, vil det ikkje vera rett å ta dei ut av skulen mot deira eige ønske. Men å ta 100 elevar ut frå sine trygge miljø i Valestrand og Auklandshamn derimot, det har kommunen ingen betenkeligheiter med. Då er det «til det beste til borna».

I eit tredje høyringsutsegn blei det stilt spørsmål med stor bekymring kring barnehagen på Valestrand oppvekstsenter. Om skulen vert lagd ned i Valestrand er me og redde for at barnehagen blir lagt ned på sikt. Det er viktig for ein kommune å ha ein trygg og god barnehage nær kommunegrensene for å hindre flytting av barnehagebarn til andre kommuner.

Mange familiar med born i barnehagen i Valestrand arbeider nord for kommunen, som til dømes Stord og Bømlo. Om barnehagen forsvinn frå Valestrand ville grovt rekna 10 born blitt flytta til barnehagar på Stord og Bømlo. Dette hadde gitt store utgifter til Sveio kommune, meir enn innsparing på 1,25 millionar. Svaret me fekk frå kommuneadministrasjonen var: «Påverknad for barnehagen ved Valestrand oppvekstsenter av ei eventuell nedlegging av skulen vil bli handsama i eiga orienteringssak» og «Konsekvensar for barnehagen vil bli handsama som eiga sak».

Tenkjer de at borna skal gå på den nye planlagte barnehagen i Sveio sentrum? Kva tenkjer dykk eigentleg om framtida til barnehagen sidan handsaminga allereie er planlagt i ei eiga sak? Det set i verste fall store konsekvensar for kvardagslogistikken til småbarnsfamiliar i området i framtida, særleg for dei som arbeider nordover. Og som nemnt tidlegare i brevet, er dette ein viktig faktor for tilflytting og trivsel.

Med desse innspela friskt i minne, håpar me at de folkevalde følgjer ynskja til dei som valde dykk inn i kommunestyret og vel å arbeide for levande bygder og mot ein attraktiv kommune for alle.

Med venleg helsing

Valestrand Bygdelag
v/ Agnieszka Wanang, John Olav Hammer, Silje Marie Grutle, Viktoriia Beshyr, Anne Lise Økland og Solveig Høgås Iversen

Auklandshamn Bygdelag
v/ Alf Helge Lien, Torill Hagland, Petter Magne Våbenø, Heidi Nilsen Ljøen, Johannes Lie, Ole Andreas Båsund Ljøen

Powered by Labrador CMS