meiningar

Bilkortesje frå Valevåg 11. april 2021.kortesje protest grendaskular opptog
Bakruta på ein bil er dekorert til bilkortesja søndag 11. april.

Protestbrev til Ap si stortingsgruppe

Brev sendt til Arbeiderpartiet si stortingsgruppe i samanheng med forslag frå Ap, FrP og to uavhengige om å leggja ned to veldrivne skular i Sveio kommune.

Her er det Ap som har fleirtal i lag med FrP og to uavhengige som hoppa av frå Høgre rett etter valget.

Administrasjonen i Sveio hadde bestilt Norconsult (Telemarksforsking) til å sjå på skulebruksplanen i kommunen, noko politikarane var einige i. Når så skulebruksplanen kjem ut, konkluderer denne med at to skular burde leggjast ned, fordi det var for dyrt å driva dei. Skulane det er ynskje om å leggja ned er Valestrand og Auklandshamn.

Noko nedlegging av skular var ikkje det som var blitt snakka om, men administrasjonen såg her ei moglegheit til å spara pengar, noko dei fekk med seg Ap, FrP og dei to uavhengige på.

I ettertid kom det fram at det var i underkant av tre millionar å spara på å leggja ned to skular, men desse tre millionane skal ifylgje posisjonspartia brukast til å rusta opp dei tre skulane som er tenkt skal bestå, og då er jo intet spart her.

FAU i Valestrand og Auklandshamn fekk innsyn i administrasjonen og posisjonen sine argument i skulesaka, og desse argumenta plukka FAU frå kvarandre éin for éin.

Denna skulesaka har skapt eit voldsomt engasjement i kommunen. Spesielt folk og familiar som bur i Valestrand og Auklandshamn er både opprørte og sjokkerte over at Ap, FrP og dei to uavhengige som vil leggja ned to velfungerande skular med tilsaman omkring 50 elevar på kvar av skulane, tilsaman 100 elevar. Det har vore spørjeundersøkjingar ved desse skulane, og her er både elevar og lærarar over snittet nøgde, samstundes som foreldra er nøgde.

Det har ikkje vore noko form for høyringar eller bygdamøter i Sveio kommune. FN sin barnekonvensjon er ikkje vurdert og utfordringane med skuleskyss er heller ikkje vurdert.

Førde skule som er den skulen som er tenkt å ta imot flest elevar, er ikkje godkjend for så mange som den endar opp med etter samanslåing. Foreldre i Førde skulekrins har også signalisert si bekymring for at det vart for mange elevar i Førde i forhold kva det er plass til.

Kvifor skal Ap, FrP og dei to uavhengige sparka beina under to vinnarlag? Både Auklandshamn og Valestrand er vinnarlag, to skular som er velfungerande og veldig viktige for heilskapen i bygdene. Skulle det verta så gale at skulane vert lagt ned, så stengjer det for nye bustadområde og utvikling i Valestrand og Auklandshemn. Og kva skjer då med busetnad og utvikling i bygdene?

Ap-politikarar i kommunestyret har uttalt at det ikkje betyr noko for bygdene om skulane vart lagt ned. Slik uttale er ei hån mot bygdafolket og det er utruleg arrogant å koma med slike synspunkt.

Forstår ikkje Sveio Ap sine kommunestyrerepresentantar at det er ein symmetri mellom skuIe – busetnad – butikk – trivsel – tilgang til arbeid – rimeleg avstand til arbeid?

Ifylgje ei spørjeundersøking er 3 av 4 av innbyggarar i kommunen imot å leggja ned skulane. Det var Høgre som kontakta Sentio som er eit anerkjent byrå for undersøkingar. 3 av 4 eller 75 % er eit overveldande fleirtal.

Det kan umogleg tena Ap som parti å leggja ned desse skulane i eit valår, og heller ikkje etter valet. Heller ikkje er det i tråd med Ap sitt partiprogram som seier at det skal satsast på distrikta. «By og land hand i hand» som det heiter, «sterkt sentrum gir sterke og levande bygder». Saka har skapa mykje unødig splid kommunen, ingen er tjent med det og det kjem ikkje noko godt ut av det. Det er skrive mange leserinnlegg i aviser, samt innlegg i sosiale media i tillegg til personleg kontakt i eit forsøk på å få Ap og resten av posisjonen til snu og bevare skulane slik folket ynskjer. Men posisjonen og Ap står fast og ynskjer ikkje å bevare skulane.

Når så mange som 75 % av alle innbyggjarane ynskjer å bevara skulane så burde Ap lytta til det og tatt hensyn til folkeviljen. Eg har alltid trudd og meint at Ap var eit demokratisk parti, men det som Ap sine kommunestyrerepresentantar i Sveio driv med har lite til felles med det sosialdemokratiet ein forbind Ap med.

AP sine gruppemøte er lukka for medlemmer, her er det berre Ap sine kommunestyrerepresentantar som har tilgong. Ein må få lov å spørra om det er ein demokratisk måte å gjera det på? Alle andre parti i Sveio har opne gruppemøte for medlemmer som ynskjer å delta.

I valkampen uttalte Ap og alle dei andre partia i kommunen at skulestrukturen skulle bestå. Og det var me jo alle glade for å høyra. Men kva skjer så? Ap uttalar at det var ein uheldig måte å uttala seg på ved å sei at skulestrukturen skulle bestå. Så her er det då fritt fram for Ap å bryta valløfter som vart gitt på eit offisielt valgkampmøte?

Det egentlig ufatteleg at det er Ap i Sveio som står på barrikadane og set alt inn på å leggja ned desse to velfungerande skulane. Skular som borna trivest i og ligg i nærmiljøet til borna der dei kjenner seg heime og kan møta skulekvardagen under trygge og kjente forhold.

Det er som kjent i dei fyrste skuleåra at det er av stor betydning for borna å ha skule i sitt nærmiljø. Er det ikkje i tråd med Ap sitt partiprogram å skapa trygge lokalsamfunn og skapa vekst og utvikling i alle bygder i heile landet? Ap har desentralisering som eit satsingsområde i sitt partiprogram, men Sveio Ap driv det stikk motsett for her er det sentralisering som gjeld der ynskjet er å tilføra all aktivitet til Sveio sentrum.

Hadde det ikkje vore mykje betre at politikarane samla seg saman og fekk til eit konstruktivt samarbeid slik at ein fekk ein god kommune å bu i for alle og der ein forstod at skulane er ein del av limet som gjer bygdene levande?

Jon Arne Valen
Valevåg

Powered by Labrador CMS