meiningar
Pride og prioriteringar
Det var med glede at me førre veke mottok orientering frå ordføraren om at banneret «Stolte sveibuar går for kjærleik og mangfald» nok ein gong blir å sjå i Pride-paraden i Haugesund i år.
Dessverre var det òg utan overrasking me like etter mottok e-postar frå kommunestyrerepresentantar for KrF og FrP, som tok avstand frå deltakinga. Ifølge førstnemnde var det feil å «bruke kommunale ressurser» på dette. Sistnemnde stemde i, og ville ikkje vita av deltaking i ei «politisk markering» der «mye grums og mange ekstreme holdninger» visstnok gøymer seg bak slagorda.
Så var me her igjen. Nok eit år – nok ein utruleg viktig debatt om det er greit for kommunen å seie «her kan du møte andre sveibuar for å gå saman i Pride-paraden». Og ikkje minst den største utfordringa det norske samfunnet står ovanfor i samtida – kva flagg er det greit å heise på offentlege flaggstenger? At deltakinga neppe legg beslag på nemneverdige kommunale ressursar, og at desse partia elles er lite opptekne av å vera verdinøytrale, hindrar dei ikkje frå å bli svært så prinsippfaste når junivarmen kjem.
Medan SV set økonomisk omfordeling, natur, miljø, klima og rettferd for komande generasjonar øvst i vår profil, har (delar av) andre parti heldigvis hatt auga på ballen. Spesielt KrF utmerkar seg her, med det viktigaste landsmøtevedtaket i år: forby bruk av regnbogeflagg på flaggstenger i skulen. Med slike viktige saker i front, er det vel berre å konstatere at framtida er sikra.
Me i Sveio SV bekymrar oss på vår side lite for kva det kostar kommunen å finna fram regnbogeflagget frå lageret. Heller ikkje for kva formidable administrative ressursar som kan gå med til å legga ut eit innlegg eller to på internett. Og om me, ved å stilla oss bak eit bodskap om kjærleik og mangfald, blir tatt for å representera nokon som er rykande ueinige i dette … så tar me faktisk ikkje det så tungt heller. Me håpar å sjå mange stolte sveibuar i Haugesund den 14. juni kl. 11:30!
Arild Høyland & Olav Østebø Olsen
Sveio SV