meiningar
Politisk spel og hestehandel
Ope brev til kommunestyret i Sveio.
Som lokalpolitikarar har de sagt ja til å vera med å ta avgjerder på vegne av innbyggjarane i kommunen, og me tenkjer vel alle at desse avgjerdene skal vera både gjennomtenkte, kloke og ansvarlege. Men etter kommunestyremøtet måndag 12. april, kan ein undre seg over kva som er klokt med å gå inn for 1 rektor for 3 skular, – særleg gjennomtenkt verkar det i alle fall ikkje å vera.
Forslaget, og vedtaket, vitnar diverre om total mangel på innsyn i høve kva oppgåver ein rektor har. Å ha det daglege ansvaret for personalleiing, fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid, og vera til stades for elevar og foreldre, økonomiansvar m.m., er krevjande nok på ein skule, så korleis skal dette kunne fungere med ansvar for tre skular? Dersom de lurer på kva som skal til for å sjonglera seg gjennom ein kvardag som rektor, foreslår me at de tek ein kikk på utlysingsteksten til ei rektorstilling.
Me skjønar at vedtaket er eit forsøk på eit kompromiss, men det smakar av dårleg hestehandel. Taparane vert elevar og tilsette ved Valestrand oppvekstsenter, Førde skule og Auklandshamn skule.
Helsing tilsette ved Førde skule