meiningar
Omvend «Robin Hood»-politikk i Sveio
Sveio er blant dei kommunane som kuttar i sosialhjelpa til familiar som mottar barnetrygd. Kommunen brukar moglegheita til å rekne barnetrygda som ein del av inntekta til folk som får sosialhjelp. Det vert kalla avkorting av sosialhjelp. Det betyr at kommunen kuttar ein del lik summen av barnetrygda frå sosialhjelp.
Den ordinære barnetrygda i Norge er 1654 kroner for barn opp til seks år og etter det er satsen 1054 kroner. Dette er altså summen som vert trekt frå sosialstønaden i Sveio.
Trygdegrepet som Sveio har brukt, meiner eg skapar problem med legitimiteten til heile ordninga med barnetrygd. Det har vore ein omvend «Robin Hood»-politikk, der ein tar barnetrygda frå dei fattigaste. Praksisen gjer at heile argumentet for barnetrygd fell bort. Den skal jo vera ei universell yting som alle skal få.
I 2021 har det vore 69 barn i familiar i Sveio som mottar sosialstønad. Kommunen sparar om lag 1 million kroner ved gjeldande praksis, svara rådmannen i kommunestyremøtet i oktober etter at eg sende spørsmål om saka.
Dette er pengar som dei fattigaste familiane i Sveio skulle hatt. Det mest tungtvegande argumentet for å rekna barnetrygda som inntekt, forklarar rådmannen er insentivet til sjølvforsørging gjennom arbeid for familiar med mange barn. Stønaden blir så stor at ein vil tena mindre ved å arbeida fullt enn ved passiv stønad.
Her viser kommunen ei haldning til innbyggjarane at dei ikkje er motivert for å arbeida om stønadene blir for store. Eg meiner folk vil arbeide om dei får moglegheit til det. Kommunen vil heller hjelpa folk med låg inntekt med støtte til klede og fritidsaktivitetar.
Mange i målgruppa brukar ikkje tilbod om å søka om tilskot frå NAV. Kommunen har eit kontrollbehov og er redd foreldre ikkje alltid bruker barnetrygda på barna. Kommunen flyttar i praksis pengar mellom ulike fattige familiar. Sveio samlar nok ikkje barnetrygd i ein stor pott for så å omfordela denne. Nei, i praksis er det slik at nokon av dei fattigaste barna, som har foreldre som ikkje brukar pengane på ein god måte, endar opp med å ikkje få nokon ting.
Praksisen om avkorting av sosialhjelp ønskte Senterpartiet og dei andre opposisjonspartia i Sveio: H, Krf, SV og MDG å endra ved å sende ein interpellasjon til ordførar med håp om eit politisk fleirtal for endring. Men så kom Regjeringa oss i forkjøpet. Det var SV som fekk gjennomslag for å nekta kommunar å kutta i sosialhjelp til barnefamiliar. I budsjettforliket med SV blir det forbode å kutta i sosialhjelpa til barnefamiliar, og med det følgjer ein årleg pott på over 500 millionar kroner til kommunane. Det er ein god julebodskap til alle familiar som treng det.
Sveio 06.12.2021
Arne Valen
kommunestyrerepresentant Sp