Frp og SV har same mål, men som vanleg er vegen fram forskjellig. Men Frp elska å få det til å høyrast ut som om SV motarbeider dei. Som til dømes når dei seier at det var berre Raudt og Frp. som stemde for Krisesentersakja, når denne vart votert i Stortinget i haust.
Saka er:
Frå juli 2011, tredde loven om Krisesenter i kraft. Dvs. Menneske som blir utsett for vald i nære relasjonar, skulle ha ei kommunal rett til å få butilbod, dagtilbod, telefontilbod og fagleg oppfølging, fysisk, psykisk og pedagogisk rettleiing på vegen vidare, samt den tryggleik og sikkerheit som valdsutsatte treng. Valdsutsatte er born, kvinner og menn.
Før den tid var Krisesentera drivne ideologisk, med leigde bustader, som ikkje alltid er eigna, og dei to vi har no, er ueigna.
Slik er det no at 16 kommunar i Sunnhordland og på Haugalandet vil setja opp Krisesenter i lag, som skal romma 25 personer. Det er eit stort prosjekt og det vil kosta bortimot 90 mill.
Det er utarbeidt 2 skisser. Den eine er basert berre på lån, den andre er basert på tilskot og lån frå bankar og frå andre. Sentra skal betalast av dei 16 Kommunane. Eit Krisesenter må vera sikkert, og det må vera bemanna av kyndig personale, dag og natt
Frp har kome med framlegg om at Sveio kommune skal by fram tomt. Det er eit heiderleg framlegg, som vart støtta av kommunestyret.
Der Frp og SV skiller lag er om tilskot/lån.
Husbanken ga i si tid lån til Omsorgsbustader, det gjer dei ikkje lenger. Krisesenter kan heller ikkje reknast som Omsorgsbustad.
Frp og Raudt, vil at Husbanken skulle vera banken som gjev tilskot og lån, (må vera same bank), medan Regjeringa (Ap. og Sp) og SV vil forhandla med Kommunalbanken, om å få tilsvarande tilhøve som Husbanken, og lata Husbanken vera bank for einskildpersonar som treng bustad og ikkje greier å skaffa seg eigenandel sjølv.
Vårt medlem i Representantskapet i Krisesenteret, frå Bømlo, arbeider for oss i denne saka.
Slik var det.
Eli Neeraas Vihovde, medl. Sveio SV