meiningar

Eg blir rett og slett oppgitt. Rasande, faktisk. Skriv forfattar av detta lesarinnlegget.
Eg blir rett og slett oppgitt. Rasande, faktisk. Skriv forfattar av detta lesarinnlegget.

Når folket må betala for politisk svikt

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Eg blir rett og slett oppgitt. Rasande, faktisk. For no meiner Olav Østebø Olsen (SV) at løysinga på kommunen si økonomiske krise er å innføra eigedomsskatt. Endå ein gong er det folk flest som skal ta rekninga for politiske feilgrep og prioriteringar.

Eg seier det rett ut: Eigedomsskatt er usosial, urettferdig og direkte øydeleggjande for livskvaliteten til fleire i Sveio. Dette er ikkje berre eit slag i ansiktet på barnefamiliar som prøver å bygga eit liv her – det er eit angrep på alle: pensjonistar som slit med auka kostnader, einslege som står i det åleine og unge som prøver å koma seg inn på bustadmarknaden.

Det er pengar me allereie har skatta av. Me har brukt sparepengar, jobba lange dagar, betalt vår del – og no skal me straffast med ein ekstra årleg rekning fordi kommunen har rota seg ut på viddene?

Kva blir det neste? Luftskatt?

Som om ikkje det er nok, har kommunen i tillegg bøygd nakken for Statens vegvesen, og gitt grønt lys til å rasera heimane til heilt vanlege folk – for å gi plass til nye E39.

Det er ikkje berre veg som skal sprengast – det er trygge barnerom, minner i husvegger, livsverk. Det er alt det mjuke som ikkje finst i eit budsjettark.

Og medan alt dette skjer, skal me tru at det ikkje finst kutt å ta innanfor kommuneadministrasjonen? La meg stilla eit spørsmål: Kva med dei mange stillingane som flyttar papir frå den eine pulten til den andre? Trur verkeleg ingen at det sit folk på rådhuset som kunne vore kutta før ein krev meir frå folk som slit frå før?

Eg har fått nok. Dette handlar ikkje om partipolitikk, det handlar om verdighet. Om rettferd.

Det skal ikkje vera slik at folk i Sveio skal redda kommunen med lommeboka – medan dei som styrer, fortset som før.

Lars Andreassen
Innbyggjar i Sveio, Middagshaugen

Powered by Labrador CMS