meiningar
«Nå skal vanlege folk gå til val»
Nå nærmar det seg val igjen og mange er urolege for kva som ventar etter valet, vart det verre eller betre?
Valgløfta er mange og dei vart større og større dess nærare valet me kjem. Sist valkamp var det eit løfte som merka seg ut og det var at nå er det vanlige folk sin tur. Vanlege folk sin tur til kva var vagt formulert. Dei fleste rekna vel med at det vart meir att av inntekta som ein kunne disponera sjølv.
Men etter valet så kom det nokså tydelig fram kva det var som var vanlege folk sin tur til. Det har vore omlag 14 rentehevingar etter coronaperioden som er øydeleggande for folk i etableringsfasen samt næringslivet, og det som kjem ut av detta er at bankane får inn enorme overskot og deler ut utbyte som vanlege folk ikkje ser noko til.
Så er det straumen som kostar mellom 10 og 20 øre å produsera for ein kWh. Straum som før var ekstremt enkelt å forstå er nå gjort så komplisert at ein må bruka ei god stund før ein forstår korleis det er sett opp. At me sel straum til utlandet er nå heilt greit når det er overskot av straum som me ikkje kan bruka sjølv, men når magasina vart tappa ned jamt og trutt for at kraftselskapa skal tjena maksimalt med pengar på eksport av straum, så går det for langt.
Detta med kablar til utlandet fekk jo brei politisk støtte av dei fleste partia. Folk flest har sikkert forstått at her vart det utvist sviktande vurderingsevne når papira vart signerte.
Ein politikar frå Sp gjekk offentleg ut og sa at me var nok ikkje klar over rekkevidda av det me skreiv under på. Dei andre var tause.
Er det verkeleg naudsynt at staten lar kraftselskapa tyna vanlege folk og næringsliv med desse unødig høge strausprisane?
Matprisane er eit pussig fenomen i Noreg. Frå ein månad til ein anna steig prisane med 4,4 prosent, som er meir enn løna til vanlege folk aukar på eit heilt år.
Styresmaktene har fleire gonger sagt at nå skal det gjerast noko med matvareprisane, men ingen ting skjer i praksis. Berre ein masse med ord som sklir ut utan mål og meining.
Ein ting fasinerar meg og det er styresmaktene si lovprising av batterifabrikkar. Ein minister var på Haugalandet og lova fleire tusen arbeidsplasser for ei tid tilbake. Jubelen stod jo i taket og mange hadde sikkert også heist flagget til topps. Men så var det dette med festtalar og praktisk gjennomføring og etablering, for så langt har det ikkje skjedd noko. Det som har skjedd er at batterifabrikkar i nabolandet har meldt konkurs, og dei einaste som har tent noko her er eigarane som fekk tildelt subsidier frå staten. Batterifabrikkar i Noreg er det brukt milliardar på, men det er ingen produksjon.
Større selskap som Hydro, Panasonic og Equinor som hadde planer om batteriproduksjon har lagt bort planane.
Eg skal ikkje skriva så mykje meir om Noreg og batteriproduksjon, men det kan nemnast at Noreg har sløst bort milliardar på slik satsing utan å få noko igjen.
Det er mange fasinerande ord som som vart brukt i samanheng med batterisatsinga, mellom anna vart det sagt at Noreg har ein rekke kraftfulle verktøy for å utvikla batteriproduksjonen, kunne dei ikkje berre sagt at me har ubegrensa med penger som me vil ausa ut til prosjekta dykkar.
Kina, Sør Korea og Japan kontrollerer omlag 90 prosent av bil batteriproduksjonen. Er det desse Noreg vil overgå?
Det kan sjå ut som styresmaktene ikkje les nyheiter eller om det kanskje er sviktande vurderingsevne også her?
Eg har veldig lyst å bruka evneveik åtferd i staden for sviktande vurderingsevne, men eg fekk beskjed av ein HMS-leiar ein gong at eg ikkje måtte bruka ordet evneveik adferd, og derfor gjer eg ikkje det.
Batteriproduksjon i Noreg har fellestrekk med eventyret «Keiserens nye klær». Eventyret fortel om keisaren som bodsende to skreddarar som skulle sy klede til han. Skreddarane klipte, målte og sydde i lause lufta. Keisaren vart forundra og spurde kor tøyet var. Han fekk til svar at tøyet var så lett at det var usynleg. Ja, det enda nå ein gong opp slik at då keisaren fekk på seg kleda og gjekk ut for å visa seg fram i dei nye kleda, så var han splitter naken.
Me får jo dei politikarane som me stemmer på. Mange av dei har liten eller ingen erfaring frå arbeidslivet eller utdanning til eit yrke, og så skal slike menneske avgjera saker som har med næringsliv, arbeid og etablering av store og små bedrifter, samt forhold til og mellom andre nasjonar. Det kan eigentleg berre gå ein vei og det medfører at vanlege folk må betala for misgjerningane.
Skal det vera vanlege folk sin tur etter valget også?
Jon Arne Valen
Valevåg