meiningar
«Meiningslaus nedlegging av barnehage»
Det var trist lesing i Vestavind førre veke at Bråtveit natur og kulturbarnehage blir lagt ned av økonomiske årsaker etter 44 år.
Når regjeringa har innført reguleringar for å hindra store private barnehageeigarar å ta ut pengar frå barnehagedrifta, rammar ein samstundes små private barnehagar hardt. Her kastar ein barnet ut med badevatnet. Det var vel ikkje meininga.
Barnehagen på Bråtveit i Sveio er ein nisjebarnehage som satsar på natur og friluftsliv. Her får barna vere med på gardsbesøk med dyrestell, fiska i Vigdarvatnet og klatra i trea leia av dyktige barnehagetilsette.
I D2-utgåva til Dagens Næringsliv denne veka les eg at psykolog Vidar Sandsaunet Ulset har forska på samanhengen mellom utetid i barnehagen og konsentrasjonsevna. Effekten av utetid varar i mange år. Barna som var mykje ute, hadde betre konsentrasjonsevne i andre klasse på barneskulen.
Forskinga viser og at konsentrasjonsevna blir betre seinare i livet. Å vera mykje ute er ikkje berre bra for kroppen og balanseevna, men og for konsentrasjonsevna viser forskinga. Studien blei nyleg publisert i «Journal of Environmental Psychology».
Det er ut frå barnets beste meiningslaust å leggja ned Bråtveit natur og kulturbarnehage godt drive av Bråtveit Bedehus av di regjeringa vil stoppa velferdsprofitørar å tena pengar på barnehagedrift. Eg ynskjer kunnskapsminister Tonje Brenna frå Arbeidarpartiet og barne- og familieminister Kjersti Toppe frå Senterpartiet velkommen til Sveio for å sjå den utilsikta konsekvensen av Regjeringa sin politikk.
Arne Valen
kommunestyrerepresentant for Senterpartiet