meiningar
«Me må kreve at argumentet «det beste for elevane» blir nøye undersøkt»
Me er fleire i bygdelaget nord i kommunen som ikkje forstår heilt argumentene som blir brukt for å ta livet av bygdene våre. Me kan alle i denne saka vere einige om at me vil elevane sitt beste. No er det på tide at me sluttar å meine noko om elevane sitt beste utan at det er basert på forsking.
Som Skimmeland seier i Vestavind, vekker denne debatten mykje kjensler. Er det rart, når me opplever at det er ei forståing frå Ap om at læringsmiljøet er dårlegare i bygdene? At det er dårlegare kvalitet der? Eller er det ei misforståing? Ap seier og at det i kommuneplanen skal setjast av område til bustadføremål og at dette er bygdene sin viktigste reiskap for å få folk til å busette seg utanfor «sentrum».
«Det er jo ikkje «økonomi som er avgjerande for saka». Så kvifor slikt hastverk?»
Kva med barnehage, butikk og skule? Høyrer ikkje dette saman? Kva med lang skuleskyss? Skal dette haldast utanfor som ei eiga sak? Viss det er Ap sin politikk å få folk til å busette seg i kommunen, bør dei vel ha litt «is i magen», og ikkje ta slike hasteslutningar. For det er jo ikkje «økonomi som er avgjerande for saka». Så kvifor slikt hastverk?
Det er forferdeleg at detblir så mykje splid fordi det no er lova at midlane spart på å slå saman skular skal gå til dei skulane som står igjen. Lurt trekk, Asle Halleraker. Skulevesenet i dag er desperate etter meir midlar. Det er ikkje rart at det høyrest freistande ut med meir midlar til «sin eigen» skule. For då kan kanskje elevane der få det betre. No. Men ikkje nødvendigvis om fire år?
Kan det heller vere mogleg å snakke kvalitet om den strukturen som allereie finst? Alle dei dyktige personane som legg si sjel i arbeidet med elevane, får dei brukt sin kompetanse på best mogleg vis? Det må sikrast at ressursane som er i omløp, blir brukt på best mogleg måte. Elevane trivst godt på Valestrand, det viser trivselsundersøkinga der.
Me må kreve at argumentet «det beste for elevane» blir nøye undersøkt før me går i gong med noko så drastisk som å fjerne eit tilbod som kanskje faktisk er det beste for elevane. Me må i alle fall slutte å bruke det som argument når me ikkje har eit grunnlag for å meine noko om dette.
Valestrand Bygdelag
Solveig Høgås Iversen, Anne Lise Økland, Viktoriia Beshyr, Agnieszka Wanang, John Olav Hammer og Silje Marie Grutle