meiningar

12. februar 2021 dronefoto valestrand valevåg einstadbøvoll oppvekstsenter 12. februar 2021
«Legg ein ned skulen, tek det ikkje lang tid før fråflyttinga startar, så kan ein redusera på veg, vatn, avløp og andre kostnadar. Ja, vegen er det ikkje så farleg med, for mesteparten av oss hytteeigarar har store, gode SUVar som køyrer like godt til lands som til vanns». Foto frå Valevåg

Legg ned skulen – no!

Her ein dag på hytta fann me det naudsynt å vitja den lokale handelsmannen. Der traff me til vår store forskrekking nokre lokale innbyggjarar som byrja leggja ut om ein «Mulighetsstudie Valebygda», eg trur dei meinte ei mogelegheitsundersøkjing.

Kor om allting er, så var dei engstelege for framtida til Valevåg med omegn. Det er inga utvikling og Sveio kommune korkje har, eller vil bruka så mykje pengar på eit ubetydeleg område som denne Valebygda.

Som hytteeigarar i eit vent hytteområde, finn me det upassande at det ikkje blir noko utvikling for oss. Me vert allereie nok plaga av råkøyrande traktorar, brekande smale og lause kyr. Ja, her ein dag dukka det endåtil opp eit beist av eit fastbuande hestedyr på Tittelsnes. Ein uting (udyr) i bilens tidsalder.

Skulle ein mogelegheitsplan iverksettast, så kan me hytteigarar få øydelagt heile hyttedraumen av endå fleire fastbuande. Og kva er dette tøvet med eit «levande lokalsamfunn» og «livskraftige bygder»? Nei takk, vert det meir leveleg, så vert jo òg folk verande. Og det kostar mykje å laga det leveleg for folk, det veit jo alle, både politikarar og gode byråkratar.

Eg skal gi politikarane eit godt råd: Start med å leggja ned skulen. Då vil ein på sikt sleppa å handtera slike ville (kostnadsdrivande) utviklingsplanar, samstundes med at det vert betring i kommuneøkonomien. Legg ein ned skulen, tek det ikkje lang tid før fråflyttinga startar, så kan ein redusera på veg, vatn, avløp og andre kostnadar. Ja, vegen er det ikkje så farleg med, for mesteparten av oss hytteeigarar har store, gode SUVar som køyrer like godt til lands som til vanns.

Det kan og verta svære skulekostnadar som sparast, her òg må politikarane vera kreative og sjå fram mot ei ultimat kostnadsbesparing, Mest ingen fastbuande! (Dei kan behalda han som måkar vegen om vinteren).

Skyssing og utvidingpå andre skular kostar sjølvsagt meir enn ein vil spara, men ein smart kommune maktar nok å lura fylket til å ta noko av kostnadane når ein kan syne til så smarte innsparingar.

Med skulen borte så vil fråflyttinga gå si skeive gong. Endå vanskelegare vil det nok verta å leggja ned SFO og barnehagen. Løysinga her er å overlata drifta til private aktørar. Dei er alltid ute etter utbytterike aktivitetar for å finansiere feriepalass (ikkje her i Noreg naturleg nok) og andre luksusgode.

Og når fråflyttinga har kome godt i gong, så er kommunen ikkje å lasta når dei private drivarane har tent nok, og det ikkje er så mykje meir å henta – og barnehagen også vert nedlagd. Og alle veit jo også at kommunalt tilsette ikkje er kompetente til å drive barnehagar. Dei er jo plaga med omsorg for tilsette og born og utan den minste form for kynisme. Ikkje minst har de sjeldan søkjelys på det viktigaste med barnehagar. Å tena pengar! Og for ikkje å gløyma bussen. Få han bort. Er nokon så einfaldege at dei vil bli her fast og ikkje har råd til ein skikkelig SUV, ja då har dei berre godt av å gå litt. Som til dømes frå Ulveraker.

Køyr òg på med eigedomsskatt og andre kreative avgifter. Det tærer på økonomien til folk. Ja, men kva når alle har flytta då? Då får ikkje kommunen desse inntektene meir. Nei, det er riktig. Til gjengjeld så sparer dei mykje meir på å ikkje halda i gong eit «levande lokalsamfunn».

Vel, når råda mine er følgde ei tid, så er nok avfolkinga komen godt i gong. Skulen er borte, barnehagen med, og handelsmannen har reist sin veg. Kan ein også berre bli kvitt nokre av desse stinkande driftsbygningane (køyr på med eigedoms- og andre skattar) så vert det enda meir leveleg for oss hyttefolket. Me har råd til det meste. Sei nei til fastbuande og dyr kommunal drift. Start med å leggja ned skulen, så gjeng dette bra.

Fredrik Lynum
Hyttebuar (ikkje fastbuande)

Powered by Labrador CMS