meiningar

Illustrasjon med fylkesvåpena til Vestland og Rogaland.
Illustrasjon: Vestavind

Kvifor, fylkesordførar Askeland (Sp)?

Tusen takk fylkesordførar for at du fortel oss kva ei fylkesgrense tyder. Når du først går inn og vil påverke kva sveibuen skal stemme i val av fylke, så hadde me forventa at du tok tak i det som svært mange meiner er viktig for sveibuen i valet på måndag.

Difor ber me om at kan du svare oss på følgjande spørsmål:

• Kvifor synest du det er feil at me vil at våre ungdomar skal vere 100% trygge på elevplassar i Rogaland, og at Sveio ønsker å vere med å påverke dette tilbodet?

• Kvifor synest du det er feil at me, dersom Sveio byter fylke, vil kun ha ei takstsone (60 kr i dag, mot 40 kr med ei takstsone) for buss til Haugesund, og at busstilbodet mest sannsynleg vil bli betre?

• Kvifor synest du det er feil at me ønsker betre fylkesvegar? Offisielle tal syner at Rogaland bruker meir pengar på fylkesvegar, og har ein mykje betre vegstandard enn den fylkeskommunen du leiar.

• Kvifor synest du det er feil at kommunen og våre folkevalde ikkje skal vere med å påverke og bestemme regionale planar som er aller viktigast for utviklinga av Sveio og Haugalandet?

Elles er våre vurderingar tatt med utgangspunkt i Telemarksforsking sin «Rapport om framtidig fylkestilhøyrsle for Sveio kommune».

Så eit par spørsmål om prosess. Den 17. november sa du at du ikkje ville gje høyringssvar, men nå gjer du det likevel gjennom lokalpressa. Kva er endra sidan du sa dette? Er valet med å bruka lokalpressa på tampen et bevisst val for å unngå at Rogaland kan komma med motsvar?

Lars Einar Hollund, Jarle Jacobsen, Asle Georg Halleraker og Rune Teikari
– alle folkevalde i Sveio frå ulike parti

Powered by Labrador CMS