meiningar

Politikar og leiar i hovudutval oppvekst og kultur, Asle G. Halleraker er imponert over tilstellinga på Førde skule.
Politikar og leiar i hovudutval oppvekst og kultur, Asle G. Halleraker er imponert over tilstellinga på Førde skule.

Kolossal toneleik i friske fargar

Elevar ved Førde skule viste denne veka fram Toneleik i friske fargar som dei har arbeidd med den siste tida. Det har vore eit spesielt år med mange avbrot og utfordringar med Covid 19, så resultatet dei viste publikum tysdag kveld var berre utruleg bra frå første til siste innslag. Her fekk me oppleve allsong, solosong, talsong, a cappella, kanon, trolldans, rap, ballett og solonummer på ulike spanande instrument frå inn- og utland i tillegg til eit gløtt ut i den store barnesongverda.

Makan til speleglede, songprestasjonar, teknisk finesse, lydkontroll, elegant dans og samspel i total harmoni finn ein ikkje mellom Nordkapp og Lindesnes, vil eg litt pompøst påstå. Her kunne ein lene seg attende i stolsetet og la rytmefoten danse over parketten etter liflig musikk frå heile verda. Elevar og tilsette tok multikulturomgrepet til nye høgder og viste fram noko unikt som Førdebygda kan vere retterleg stolt av.

Tusen takk for at eg fekk vere med på denne kunstnarlege reisa mellom ymse land, og det varma eit kulturhjarte å sjå trygge og smilande elevar frå 1. til 7. klasse vise seg fram som dei unike menneska dei er. Alle var med, og alle stod på scena som om dei hadde gjort det minst 1000 gonger før. Dette vitnar om ein godt skulemiljø der ein tar vare på kvarandre i ei felles oppleving.

Heldige elevar som har så dyktige tilsette og ein rektor som styrker samhaldet og fellesskapet samstundes som ein leverer kvalitet frå ende til annan.

Det einaste negative var at fleire ikkje fekk vere tilskodarar av omsyn til smitteverntiltaka som no er gjeldande. Vonar dei store og små kulturformidlarane kjenner seg stolte og glade over det dei har vore med på, for dette var verkeleg til terningkast seks på alle måtar.

Takk for opplevinga. Den vil sitje i.

Beste helsing
Asle G. Halleraker
Leiar HOK

Powered by Labrador CMS