Den siste tida har me sett at samfunnet gradvis opnar opp igjen. Det er ei glede å sjå litt meir aktivitet i lokalsamfunna våre. Me får vaksinert fleire innbyggarar for kvar veke, og er klare for å ta i mot fleire vaksiner gjennom sommaren. Det er framleis viktig å tenke på smittevern og halde oss til anbefalingar.
Folketalet stig i Sveio, me ha no runda 5.800 innbyggarar. 5.802 for å vere presis. Kommunen har eit sterkt fokus på å legge til rette for vekst og skapa gode lokalsamfunn. Atheno er godt i gong med arbeidet dei skal gjere med bulyst, marknadsføring av kommunen og næringsutvikling. Til hausten startar eg, saman med Atheno, ein «turné» i heile kommunen der me inviterer til dialog med bygdene om dette temaet. Nærmare informasjon om tid, stad og tema kjem.
På måndag hadde me siste kommunestyremøtet før sommaren, der eit samla kommunestyre gjekk inn for å styrke budsjettet i skulesektoren for inneverande år. Budsjettet for 2022 blir vedtatt i desember. Debatten i kommunestyret viser at alle kommunestyrerepresentantane ønsker at me skal ha god kvalitet i skulen, og er svært oppteken av å gi våre barn og ungdom ein god skulekvardag. Som de har sett i Vestavind har nokre føresette stilt spørsmål ved klassedeling på nokre klassetrinn for neste skuleår. Me har god kvalitet i Sveioskulen no, det viser tilstandsrapporten me hadde til handsaming i kommunestyre. Eg er trygg på at administrasjonen sikrar eit godt opplæringstilbod til våre elevar. Me lyttar til det dei føresette seier, og derfor har formannskapet bedt om ei orientering om erfaringar frå to-lærar systemet og klassedeling i haust. På denne måten vil me få informasjon når skuleåret er i gong.
Me ser at det skjer ting i Sveio for tida. Nipaståvo er opna for bruk. Me hadde ei hyggeleg markering med nokre av sponsorane og fleire av dei mange som har gjort dugnad for å ferdigstilt dagsturhytta. Eg ser det er mange som besøker Nipaståvo, og eg håpar det bil gi turglede i lang tid framover. Hugs at dette er alle Sveibuar si hytte.
Eg er svært glad for at arbeidet med Aktivitetshuset er i gong. Det vil gi ein betre kvardag for brukarane, tilsette og pårørande når den er ferdig våren 2022.
Denne veka fekk Sveio kommune ein elektrisk kostebil. Denne kostebilen er delvis finansiert med statlege klimasatsmidlar. Den skal brukast til å koste opp gummigranulat, på sentralidrettsanlegget generelt og rundt kommunale bygg. Dette er eit pilotprosjekt, der ein prøver ut elektrifiserte større maskinar. Eg er stolt over at Sveio kommune er oppteken av å satse på klimavenlege løysingar.
Tysdag skal me ha ei markering der me offisielt opnar sykkel- og gangstien frå Vikse skule til Straumavegen. Sveio kommune set av betydelege midlar årleg til trafikksikring. Denne sykkel- og gangvegen er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Sveio kommune. Den er blitt veldig flott, og gir fleire skuleelevar ein trygg skuleveg.
Me har nyleg fått svar på fleire av våre tilskotssøknadar. Sveio kommune har blitt tildelt 100.000 kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune til prosjektet «Kunnskap, kompetanse og samspel for god psykisk helse i ungdomsskulen». Kommunen har og fått kr 125.000 til «eldre ut på middag». Me ventar svar på søknadar til andre prosjekt.
Eg ønsker deg ei god veke.
Beste helsing
Din ordførar
Linn Therese Erve