Dei siste månadane har vore prega av skulebruksplanen. Eg har fulgt debatten i saka tett. Eg er imponert over engasjementet som innbyggarar i heile kommunen har vist. Det viser at det ikkje finst éi side av saken, men mange. Til slutt med ein kreativ demonstrasjon med bilkortesje og vardebrenning.
Eg er svært glad for at alle folkevalde i kommunestyret blei einige om eit felles vedtak om å ikkje gjere endringar i skulestrukturen no. Det vil gi ro rundt saka. Alle partia ønsker det beste for Sveio, sjølv om ein kan vere ueinig i saker. Eg vil gi ros til alle partia i kommunestyret for eit godt samarbeid i innspurten av sakshandsaminga, slik at me kunne landa eit vedtak heile kommunestyret stilte seg bak.
Eg har tru på at me saman klarar å få vekst i heile kommunen. Me må sjå framover, og det er viktig med eit godt samarbeid mellom kommunen og heile Sveio. Me må dra nytte av det enorme engasjementet som er vist. Som ordførar vil eg no ta initiativ til å få på plass ei tverrpolitisk semje til å starte ein prosess for korleis kommunen skal jobbe for vekst, utvikling og skape fortsatt gode lokalsamfunn i heile Sveio.
Denne prosessen skal forankrast i lokalsamfunna, frå Vikse i sør til Valestrand i nord, der dialog med lag og organisasjonar står sterkt. Eg håpar alle parti vil vere med på eit slikt arbeid – til det beste for heile Sveio kommune.
No nærmar det seg 17. mai, og koronapandemien vil òg i år sette grenser for korleis me kan feire nasjonaldagen. Som i fjor, vil eg no ta kontakt med alle 17. mai-komiteane for å drøfte korleis me kan gjere markeringa i år på ein best mogleg måte.
Me går lysare tider i møte og me ser dei første vårteikna. Sveio er i full gang med å vaksinere våre innbyggarar. Dersom du ikkje har registrert deg i vaksinekøen, finn du informasjon om dette på Sveio kommune sine nettsider.
No har butikkane opna igjen, etter ei tid med nedstenging grunna strenge smitteverntiltak. Eg oppfordrar sveibuen til å handle lokalt og støtte lokalt næringsliv. Det er viktigare no enn nokon gong.
Eg ønsker dykk ei god veke og nyt våren.
Beste helsing
Din ordførar Linn Therese Erve