meiningar
Ordføraren si spalte:
Kjære sveibu
Me har alt kome tilhausten, etter mange flotte sommardagar. Eg håpar du har hatt ein fin sommarferie, og at hausten blir like nydeleg som sommaren me har lagt bak oss.
Skuleåret er godt i gong. Eg ønsker alle våre elevar lukke til, og håpar året blir fylt med læring og gode opplevingar. Takk til alle tilsette i Sveioskulen og SFO som skapar trygge og læringsrike skuledagar for barna våre.
I august var eg nokre dagar på Arendalsveka, saman med fleire ordførarar frå Sunnhordland og Haugalandet. Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Haugalandsrådet hadde eit felles arrangement, ein panelsamtale med temaet: «Nye berekraftige moglegheiter i havrommet – korleis kan Noreg ta ein leiande posisjon». Eit viktig og spanande tema som fekk god oppslutnad. Det var veldig flott at me fekk fronte Sunnhordlands- og Haugalandsregionen saman. For me må få fram viktigheita av den verdiskapinga og kompetansen som ligg mellom Bokn og Bjørnen.
Det bringer meg over til sak om framtidig fylkestilhøyrsle for Sveio kommune. Årsaka til at eit bredt fleirtal i kommunestyret bestilte ein rapport, er at kommunen ser det som svært uheldig at ei fylkesgrense deler regionane mellom Bokn og Bjørnen. Det er til hinder for den samhandlinga og utviklinga som er naudsynt. Det at Rogaland ikkje er ein del av Vestland fylke fryktar me slår negativt ut på oss. I tillegg ser me at Sveio kommune i sterkare grad er knytt opp mot Haugalandet. På denne bakgrunn fatta kommunestyret vedtak om å greie ut fordelar og ulemper med å vere i Vestland eller ein del av Rogaland.
No er rapporten frå Telemarksforsking klar. Den konkluderer med at det er større fordelar enn ulemper for Sveio å høyre til Rogaland fylke. Det er ei viktig sak for Sveio kommune, som handlar om kva som er til det beste for deg som innbyggar og for kommunen som heilskap. Om korleis kommunen kan utvikla seg til det beste for innbyggarane og i eit regionalt perspektiv. Eg er veldig glad for at formannskapet var samla i synet på kva prosess me skal ha i denne saka. Formannskapet ønsker ei folkeavrøysting i spørsmålet om kva fylke Sveio kommune skal høyre til. Kommunestyret vil den 20. september ta stilling til tidspunkt m.m. for ei slik folkeavrøysting.
Rapporten ligg no på høyring. Eg oppmodar deg til å sette deg inn i rapporten. Kom gjerne på informasjonsmøte 23. september på Vigdartun.
Saman med Atheno vil eg i september og oktober starte «Bulyst»-prosjektet vårt med idémyldring i heile Sveio. Der vil eg gjerne snakke med deg om korleis me kan skapa eit attraktivt sentrum og levande bygder med vekst og utvikling. Sjå nettsida til Sveio kommune for meir informasjon.
Eg ser med glede på all aktivitet i Sveio for store og små for tida, blant anna på sentralidrettsanlegget, Finn-fram dagen i Førde og Kom deg ut-dagen ved Bjellandselvo. Denne veka er det friluftslivets veke. Nyt den vakre naturen me har i Sveio og i regionen rundt oss og nyt hausten.
Beste helsing
Din ordførar
Linn Therese Erve