meiningar

Moglegheitsstudia peiker på korleis Valebygda potensielt kan utvikla seg. Studia fokuserer på korleis eksisterande potensiale og ressursar kan danna utgangspunkt for å snu negativ folkevekstutvikling og sikra grunnlag for eit større mangfald av aktivitetar i tilbod i bygda. Illustrasjonen viser framsida av studia.
Moglegheitsstudia peiker på korleis Valebygda potensielt kan utvikla seg. Studia fokuserer på korleis eksisterande potensiale og ressursar kan danna utgangspunkt for å snu negativ folkevekstutvikling og sikra grunnlag for eit større mangfald av aktivitetar i tilbod i bygda. Illustrasjonen viser framsida av studia.

Kjære ordførar

Du får dette brevet avdi eg vonar og trur at du vil hjelpe til med å få ei god og rettvis avgjerd på mandag, slik at to småskular i Sveio kommune ikkje blir lagde ned ved eit forhasta og lite demokratisk forankra vedtak.

Du lytta til argumenta mine og sa du forstod frustrasjonen og fortvilinga til foreldra då eg snakka med deg i telefonen for ei tid tilbake.

Men når du likevel går inn for nedlegging av Valestrand oppvekstsenter og Auklandshamn skule, kan du ikkje ha forstått konsekvensane for dei det gjeld. Du grunngir det med at du tenkjer på alle elevane i Sveio kommune. Dette står ikkje til truande.

Du synest ikkje det er helsefremjande at elevane kan gå eller sykle til skulen. Du ser bort frå at skulebussing minkar tida til leik og fritidsaktivitetar i nærmiljøet. Og skal elevane delta på organiserte aktivitetar på skulen dei blir flytta til, fører dette til meir kjøring. Ser du ikkje den stressande kvardagen mange foreldre då vil få og som gjer at nokre familiar fryktar dei må flytte?

Før du stemmer på måndag, ber eg deg lytte til foreldra i dei to skulekrinsane det gjeld, og såleis vise at du verkeleg tenkjer på alle elevane i kommunen.

Du skrytte over bygda vår i ein festtale i Valestrand kulturkyrkje før jul og sa du var stolt over å vere vår ordførar. Nå har du sjansen til å vise kor stolt du er ved å ta på alvor dei sterke ønskja me har om å bevare Valestrand oppvekstsenter sidan dette betyr så mykje for alle i bygda. 

Dersom du synest at engasjementet her nord er ubehageleg stort, kan det vere nyttig å vise til at kommunen i 2012 blei landskjent og gjorde seg til latter då kommunen takka nei til 13,5 millionar kroner frå stat og to fylke for å bygge eit Fartein Valen-senter som m. a. ville fått utanlandske kunstnarar til bygda. Folk lurte på korleis Sveio kommune hadde råd til å takke nei til slik kulturgåve. Denne skandalesaka blir ikkje så lett gløymt. Nå kan LivOgLyst-prosjektet føre til at desse og andre planar kan utviklast. Rapporten «Mulighetsstudie for Valebygda» utarbeid av firmaet LÉVA Urban Design viser det utviklingspotensialet bygda har.

Ved å studere denne rapporten, kan du som ordførar la deg inspirere og sjå at ei utvikling i Valestrand kan medføre tilflytting og det viset kome heile kommunen til gode.

Kvifor det hastar det slik å leggje ned oppvekstsenteret før dugnadsbygda får sjanse til å starte dette utviklingsarbeidet kan ein spørje?  

Denne skulesaka er nå blitt så vond at eg bed deg instendig om å ta ordføraransvar. Slik eg ser det, kan eit grep frå ein handlekraftig ordførar hindre vidare splid i kommunen og avverge minkande tillit til dei folkevalde og ikkje minst hindre at politikarforakten aukar.

Tru ikkje at denne misnøya fort vil leggje seg om det fatale skulle skje at desse to livskraftige skulane blir nedlagde på mandag, Når du ser alvoret i engasjementet, det høge nivået i argumentasjonen og all den kunnskapen som er samla i dei to skulekrinsane, er det mykje som tyder på at kampen vil halde fram. Ver heller stolt over ein slik vilje til å bruke tid og pengar som foreldra viser når det gjeld viktige nærskulen sin. Vi set vår lit til at du er ordførar for heile kommunen.

Med helsing
Liv Marit Økland
Lærar med 40 års fartstid i ulike norske skuleslag i storby og små bygdesamfunn

Powered by Labrador CMS