meiningar

For sørgåande trafikk som kjem frå Vestland fylke og Sveio kommune, viser skilta at no er ein over i Rogaland fylke og Haugesund kommune.
Sist veke ga innbyggarane i Sveio klar beskjed. 56 prosent sa nei til å byte fylkestilhøyrsle frå Vestland til Rogaland.

Ja til Rogaland

Så skjer det. Folkeavstemming om Sveio kommune skal flytta til Rogaland. Ei sak som har vore diskutert frå før eg var politisk aktiv. Og no seier eg ja til Rogaland. Ja til at Sveio skifter fylke. Hovedgrunnen er erfaringane mine med Hordaland fylkeskommune og korleis eg trur framtida vil bli med Vestland. Og trua på at Rogaland fylke er den naturlege geografiske plasseringa for Sveio-halvøya. Både geografisk og politisk har Sveio vore fylkeslaus. Alltid har ein måtte hatt særordningar fordi ein politisk tilhøyrer Hordaland /Vestland og praktisk tilhøyrer Nord Rogaland. Den mest kjende er tilgangen til vidaregåande skular i Haugesund der vore ei særordning.

Ei anna problemsak er kollektiv transport der Sveio tilhøyrer Skyss og Haugesund Kolumbus. Dei har hatt ulikt billetteringsystem som har skapt store problem for samarbeid mellom selskap og dermed bussrutesystemet i Sveio. Fordi Sveio ligg der det ligg i Hordaland/Vestland har Sveio kommune vore medlem i både Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Haugalandsrådet. Utan at dette har skapt store arbeidsplassar i Sveio. Eller nettopp fordi ein deler ressursane. Det er eit viktig ankepunkt mot fortsatt deltaking i Vestland at historia fortel at fylket ikkje har skapt noko viktig i Sveio.

Ser vi på kommunane rundt oss Bømlo, Stord, Fitjar og Etne finn ein at der er mange fylkeskommunale arbeidsplassar. Arbeidsplassar ved vidaregåane skular og andre fylkeskommunale aktivitetar. Dette er arbeidsplassar med godt utdanna menneske som og er ein viktig ressurs lokalmiljøet og skaparar av nye arbeidsplassar og kulturaktivitetar. Sveio taper kompetanse ved at fylkeskommunen ikkje har kompetansearbeidsplassar i kommunen. Om ein ser på fylkesveg F47 mellom Haukås og Haugesund er det ingenting som tyder på at Vestland fylkekommune vil utbetra vegbreidda mellom Tveitvegen og Vigdarheimvegen slik at vi får gul stripe der. Ingen i Vestland fylkeskommune har behov for det. Og det er mange dårlege fylkesvegar i fylket. I Haugesund og Rogaland er truleg forståelsen for denne vegen i Sveio større fordi det er her brukarane bur. Vi ser og at Rogaland nedprioriterer vegen frå Fagerheim til Sveio fordi dette er ein utkant i Rogaland. Om Sveio og Haugesund er i same fylket blir nok Rogaland meir aktiv for at denne vegestrekninga skal ferdigstillast.

Det er ingen grunn til å tru at Vestland fylkeskommune vil prioritera Sveio meir framover. Geografisk er det meir naturleg at fylkesgrensa mellom Rogaland og Vestland fylke går i den breie Bømlafjorden enn mellom Sveio og Haugesund. Historisk var det sjøen som batt folk saman fordi båten var transportmidler. I vår tid er det vegen som bitt folk saman fordi bilen er transportmidlet. Med Sveio sin geografi er difor naturleg at ein tenkjer nytt ved fylkesinndeling for Sveio.

Etter at Ølen gjekk inn i Rogaland og Vindafjord går fylkesgrensa midt i den smale Ålfjorden. Heilt unaturleg. Ålfjorden bør liggja i eitt og same fylket. Sveio halvøya og Vikefjell/Bjoa halvøya bør og liggja i same fylket. Befolkningsmessig bur over 70 % av sveibuen sør for Haukås. Dei fleste har si naturlege kontakt til Haugesund og har sitt daglege liv den vegen. Eg tenkjer at det faktisk gjeld veldig mange av dei som bur nord for Haukås og. Eg tenkjer at for folk flest vil difor tilknyting til Rogaland vera med å styrka Nord Rogaland og Haugalandsregionen og det vil vera ein fordel for sveibuen og Sveio kommune. Det vil løysa opp alle særordningane slik at Sveio sine politikarar og administrasjon ikkje treng bruka tid og krefter på kampar for dette, men heller bruka krefter positivt på å byggja ut nye aktivitetar.

Politisk har vore, og er, Sveio svake og utkant i store Vestland fylkeskommune. Eit fylkeskifte kan vera starten på eit betre og meir aktivt politsk forhold mellom Sveio og eit mindre Rogand fylkeskommune. Vestland fylkeskommune og nabokommune vil knapt merka at Sveio skiftar fylket. Fylket har nesten ingen aktivitet her. Rogaland vil ønskja oss velkomne. Eg håpar at mange stemmer ved folkeavstemminga om fylkestilknyting. Og eg håpar at mange stemmer for eit skifte til Rogaland fylkeskommune. Eit skifte som eg trur berre blir positivt for sveibuen.

Olav Bergmål

Powered by Labrador CMS