Rådmannen sitt forslag om å leggja ned Auklandshamn og Valestrand skular, pregar det offentlege ordskiftet i Sveio. Naturleg nok. Vestavind si nettside og papirutgåvene dei siste vekene har vore prega av det, ikkje minst papirutgåva 4. mars. Her er mange gode innlegg med svært gode argument for å velja andre løysingar enn det administrasjonen går inn for. Eg vil her særleg trekkja fram tre av innlegga og utfordra politikarane til å lytta.
Det første er innlegget frå eigar og pedagogisk leiar i Bua kultur og friluftsbarnehage, Marianne Folgerø. I staden for nedlegging av skular utfordrar ho til nytenking og «samanslåing» av bygder. Å samla Auklandshamn og (delar av) den gamle Bua-krinsen til eitt vil styrka grunnlaget for både barnehagen og skulen i kystbygdene.
Kreativt og konstruktivt, vil eg seia. Og eg legg gjerne til: Namnebyte på både barnehage og skule må gjerne gjennomførast om det skal til for å skapa ny, felles identitet. Det viktige er at skuledrifta kan halda fram utan større investeringskostnader i dei svært gode og praktiske lokala til Auklandshamn skule. Samstundes er barnehagen på Bua like viktig for folk i Auklandshamn som på Bua, om ein ser på kor barna høyrer heime. Eg trur også nytenking er vegen å gå framfor nedlegging i Valestrand.
Rådmannen sitt motiv for skulenedlegging er å spara pengar. Likevel viser reknestykket at innsparinga berre blir på 2,7 millionar kroner. Det er lite samanlikna med ulempene to levande bygder blir påførte, og ulempene for 94 elevar som på kort varsel må byta skule. Pengane som blir sparte, vil ikkje koma resten av skulane til gode.
Og det kan godt henda at administrasjonen sitt reknestykke vil visa seg å vera altfor optimistisk. Eg viser her til innlegget frå Kjetil Grutle og Agnes Ravatn, som peikar på at eit nedleggingsvedtak raskt kan føra til plassproblem ved Førde skule. Då framstår innsparingsmotivet som svært vikarierande.
Fleire skriv om demokrati i skulesaka. Eg vil her særleg løfta fram det velformulerte innlegget til Helge Kyvik og undra meg saman med han: Har dei folkevalde i Sveio mista kontakten med folk flest? Har dei mista kontakten med veljarane sine?
Einar Vestvik
Auklandshamn