meiningar
Innspel til budsjett 2021 for skule og barnehage
Vi har registrert at rammene til oppvekstsektoren ikkje har auka mykje dei siste åra. Difor opplev vi framleis dei same økonomiske utfordringane for oppvekstsektoren også etter at budsjettet for 2021 er lagt fram. Utdanningsforbundet Sveio er uroa over rammene for 2021 som er gitt skulane og barnehagane i Sveio kommune.
Det har generelt vore store økonomiske utfordringar innan oppvekstsektoren over fleire år, der rekneskap og nye budsjett ikkje står i stil til kvarandre. Det blir kvart år brukt meir pengar enn budsjettert, sjølv om ein gjer det ein kan for å halde budsjettet. Dette fører til stor slitasje på dei tilsette i skule og barnehage, som heile vegen må strekke seg for å yta meir. Det er lite pengar til innkjøp, då det meste går til å dekke lønnsutgifter. Tidleg innsats er viktig for at barna skal ha ei god sosial utvikling, då treng dei gode vaksne som dei har relasjonar til.
Vedkomande skule. Det er ei forventing at elevane skal levere best mogleg resultat på ulike testar og nasjonale kartleggingar. For å greie dette må skulane ha ressursar til å kunne setje inn tiltak for elevar som scorar lågt. Ved å auke rammene til faktisk forbruk og øyremerke midlar til tidleg innsats, er det enklare å kunne arbeide systematisk med begynnaropplæringa og trygge elevane i overgangen barnehage-skule.
Utdanningsforbundet Sveio ønskjer at det blir sett av midlar, gjerne øyremerka, til å ha ein flytressurs, som kan drive systematiske lese, skrive -og reknekurs der det er trong for det. Det er viktig at lærarnorma ikkje fører til at det blir kutta i midler til spesialundervisning og særskilt norskopplæring, slik at tildelte midlar blir alt for små til å drifte ei god opplæring for elevane. Vil og understreka at lærarnorma berre er ei minstenorm og som politikarane kan og bør utvide etter behov. Her må ein gå litt meir inn i tala enn kva som har vore tilfellet dei siste par åra.
Til dømes har opptil 38 elevar har det vore med ein lærar i enkelte fag, ettersom ein ikkje får midlar til meir. Det er vel dei færraste som ynskjer så store klassar i Sveioskulen. Det ynskjer i alle fall ikkje leiarane og lærarane rundt om på skulane. Utdanningsforbundet Sveio ønskjer at ein styrkar skulane og passer på at lærarnorma ikkje blir nytta til å dekke inn timar til spesialundervisning.
Fagfornying LK2020 er omfattande og tidkrevjande, med nye overordna prinsipp, mellom anna det tverrfaglege emnet folkehelse og livsmeistring. Dette er viktig i forhold til eit folkehelseperspektiv, men krev og at ein treng ei fagleg oppdatering, i ein travel arbeidskvardag. Det bør øyremerkast ressursar til å arbeide med overordna del, slik at den blir ein del av skulekvardagen til elevane.
Me ser at mange elevar har utfordringar knyt til åtferd, sosiale utfordringar, psykisk helse og skulevegring. Her bør det setjast inn ressurser som har god kompetanse og som og kan bidra til kompetanseheving for alle tilsette. Det må og setjast av ressurser til nye læremiddel som er i tråd med LK20. Koronapandemien skapar utfordringar for skulane, der ein gjerne må kutte i spesialundervisninga og slå saman klassar for å kunne oppretthalde drifta. Dette fører til slitasje på dei tilsette, som stadig må snu seg i rundt.
Utdanningsforbundet Sveio ønskjer at det blir sett inn meir midler til vikar, slik at ein kan gi alle elevane eit godt pedagogisk tilbod, og avlaste slitne tilsette. God lærardekning, målretta og tidleg innsats i opplæringa og særskilt norskopplæring, er kommunen sin viktigaste reiskap for å sikre born med ekstra utfordringar eit godt fundament og førebyggje meir omfattande tiltak seinare!
Vedkomande barnehage. Utdanningsforbundet Sveio ønskjer at det blir sett av midlar til å auke grunnbemanninga, slik mellom anna Stavanger kommune har gjort. Dette har vist seg å auka kvaliteten i barnehagane, og sjukefråværet har gått ned. Hugs og at bemanningsnorma berre er eit minstekrav. Norma er bra, men ikkje god nok. Nye og viktige satsingsområde krev mykje arbeid av styrarane og dei pedagogiske leiarane, i tillegg til alle dei andre oppgåver dei skal ta seg av. Dette er ofte særs utfordrande å få gjennomført ein travel kvardag.
Ny Sveio barnehage er naudsynt. Barnehagen er nedsliten og altfor liten. Vedlikehald av ein barnehage som er 31 år gammal er krevjande og det kjem stadig utgifter som det ikkje er budsjettert for. Vi meiner og det er ei viktig oppgåve for Sveio kommune å skapa fleire kommunale barnehageplassar. Det er og utfordrande å få tak i stabile vikarar med rett kompetanse. Utgifter til bruk av vikarar bør aukast, og med med tanke på koronasituasjonen vi no er i, der vi veit at det vil vere behov for meir bruk av vikarar framover. Dersom regjeringa bevilger ekstra penger til kommunen til koronatiltak i skular og barnehagar, må det sikrast at desse kjem oppvekstsektoren til gode. For styret i
Inge Berglund
lokallagsleiar, Utdanningsforbundet Sveio