Nå er det eit nytt år, og Sveio Hagelag vil gjerne sei noko om kva aktiviteter me har sett opp i år 2021.
2020 starta greit for oss, men så kom pandemien og mykje vart endra både for oss og andre. Arrangement måtte avlysast. Det vart vanskeleg å gjennomføre programmet på lovleg måte mtp. retningslinjer. Nå håpar me på eit betre år for alle lag og organisasjonar som arrangerer kurs, foredrag, temakveldar osv.
For å vera så sikre som muleg, har me sett opp utendørs arrangement der me kan halde god avstand og dermed følgje nasjonale retningslinjer. Dette krev og at me er nøydd å ha påmelding i forkant for å ha kontroll på kor mange som kjem.
For nokre år sidan arrangerte me kurs i skjering av frukttre. Dette var det stor interesse for, og me vil gjerne prøve igjen den 15.03.21. Åsmund Vae viser og forklarer prinsippa ved skjering, og alle får prøve seg.
Påmelding blir til Annlaug Fludal i telefon 909 32 046 innan 12.03.21. Det er bra om du tek med deg eige reiskap som t.d. lita greinsaks, sag o.l. Me har fått lov å kome i hagen til Robert Haga i Tingvegen 14 i Førde for å prøve oss på å skjere epletre.
I fjor planla me eit foredrag av Claus Dalby på Grand Hotell, Stord. Sveio Hagelag skulle gå saman med fleire andre hagelag i Sunnhordland, og derfor vart arrangementet på Stord som var ein naturleg møteplass for alle. Claus Dalby skulle snakke om selskapsplanter i to bolkar à 45 minutt, og det ville bli sal av bøkene hans for dei som var interesserte i det.
Denne turnéen vart avlyst pga. pandemien. Dersom det lar seg gjera å gjennomføre det i år, er alle interessert i å få det til. Planlegginga er klar og Claus Dalby er villig til å prøve nok ein gong dersom det lar seg gjera.
Me brukar å ha ei hagevandring i lokalmiljøet kvart år. I år har me fått lov å kome til Marina og Kjell Sandaker den 7. juni. Dei bur i Hanabrekko 7 i Førde, der dei dyrkar grønnsaker, frukt og bær på ei kronglete skogstomt. Her er det mange tips og idear å hente. Sjeldan er det vel at me får meir motivasjon til arbeid i eigen hage i så rikt monn som under desse turane. Påmelding til Solfrid Hovland i telefon 926 45 226 innan 06.06.21.
Den 6. september er det tid for soppturen vår. Me har vore ulike plasser i Sveio, og sopp har me funne alle stader. I år går turen til Paddevegen, og som vanleg har me med oss godkjent soppkontrollør frå Haugaland Sopp- og nyttevekstforening. Påmelding til Solfrid Hovland i telefon 926 45 226 innan 05.09.21.
Årsmøte har me i oktober på Førde gamle skule.
Det vil kome annonse og evt. omtale om dei ulike arrangementa i forkant. Dei vil og stå omtalt i heftet «Hva skjer». Me håpar at folk har lyst å kome, og ønskjer alle velkomne.
Med vennleg helsing Sveio Hagelag
v/Wenche Strømøy