meiningar

kommuneøkonomien vår kan ikkje vere ein premissleverandør for kva for pedagogisk tilbod barna våre får, skriv Leif Sverre Haga. Foto: Privat
kommuneøkonomien vår kan ikkje vere ein premissleverandør for kva for pedagogisk tilbod barna våre får, skriv Leif Sverre Haga.

«Ikkje rør bemanningsnormene!»

Lesarbrev

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til tips@vestavind-sveio.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

las me at landets høgreordførarar mellom anna krev at lærarnormen vert svekka. Me i Sveio lev i ein høgrestyrt kommune. Og sjølv om eg er glad i ordføraren vår, kan eg ikkje støtte at kommunen vår er blant dei som roper for å fjerne og svekke den vesle sikringa av midlar til barnehage og skule som finst i dag.

I Utdanningsnytt 11. august

Ordførarane syner til at det å fjerne lærarnorma vil gje meir fleksibilitet og auka handlingsrom for kommunane. Det er ikkje normene i barnehage og skule som er til hinder for kommunen sitt handlingsrom, men altfor lite midlar til kommunen frå staten. Det er dette ordførarane burde angripe, i staden for å gå laus på normene, som er sikkerheitsnettet vårt.

Bemanningsnorma og pedagognorma i barnehagen er ei minstenorm, og lærarnorma i skule er ei minstenorm. Likevel; dei sikrar eit minimum av ressursar. Dei sikrar altså at det er ei grense for kor mange pedagogar barnehagane skal ha og kor mange barn eller elevar den einskilde læraren skal ha ansvar for.

Derimot tek ho ikkje omsyn til at barnehagane og skulane har hatt ei auke i tal på oppgåver dei skal utføre, det komplekse mandatet, og ei heller at ulike barn har ulike behov. Faktum er at me treng at desse normene blir styrka, ikkje svekka og tatt bort. For kvar endar vi opp utan?

Kommunane får sine bevillingar frå staten. Så lenge vi har normene i barnehage og skule, må staten gje kommunane nok pengar til å dekke desse ressursane. Det gjev kommunepolitikarar argument opp mot dei statlege myndigheitene, til å få meir pengar.

Vi er alle samd om at vi må tenkje nytt, vi må endre oss fordi samfunnet endrar seg. Utdanningsforbundet meiner at det er uklokt å la dei ulike sektorane kjempe mot kvarandre, for å få dei ressursane dei treng. Dersom normene vert fjerna vil det seie at kommunen sjølv bestemmer kor mange barn lærarane i barnehage og skule skal ha ansvar for, men kommuneøkonomien vår kan ikkje vere ein premissleverandør for kva for pedagogisk tilbod barna våre får.

Vi må kjempe for eit likeverdig opplæringstilbod til barn og unge, difor skal vi også kjempe for ei auka bemanningsnorm og pedagognorm i barnehagen, og ein betre lærarnorm i skule. Vi har verdas beste jobb – gje oss tid til å gjere han. Utdanning har aldri vore viktigare, framtida vert skapt no!

Leif Sverre Haga,
lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Sveio

Powered by Labrador CMS