meiningar

No treng me ei Høgre-leia regjering som tek både folk, nærlingsliv og kommunar på alvor, skriv Lars Petter Lie og André Mundal Haukås (t.v.). Foto: Privat
No treng me ei Høgre-leia regjering som tek både folk, nærlingsliv og kommunar på alvor, skriv Lars Petter Lie og André Mundal Haukås (t.v.).

«Høgre prioriterer tiltak som virkar»

Svar til Ap – Linn Therese Erve

Det er kjekt at Arbeidarpartiet løftar debatten om barnefamiliar, skatt og no også kommuneøkonomi. Diverre så blandar dei saman tal og påstandar som ikkje gjer eit rett bilete av Høgre sin politikk.

For alt handlar om prioritering. Arbeiderpartiet har leia regjeringa dei siste fire åra, og Støre-regjeringa har brukt milliardbeløp på omkampar og reversering i staden for omstilling og utvikling. Det er lett å finne gode døme. Regjeringa har prioritert å bruke store summar på å gjenopne nedlagte politikontor, der ein knapt har besøkande, og ein slit med å halde ope då ein ikkje har betentar til å bemanne kontora.

Ein har også har prioritert å gjenopne ei rekkje tingrettar, der nært alle fagmiljø gav ei unison negativ tilbakemelding i høyringa på denne avgjerda. Noreg sitt mest samfunnsnyttige vegprosjekt Hordfast, prioriterte Arbeiderpartiet å leggje i ei skuff. Dei ser tydelegvis ikkje nytta av å binde oss saman på Vestlandet, og slik bidra til vidare vekst og utvikling. Dette syner at Støre-regeringa si prioritering av symbolpolitikk har verken gjort kvardagen tryggare, betre eller enklare for folk.

No treng me ei Høgre-leia regjering som tek både folk, nærlingsliv og kommunar på alvor.

Ja, prisane på barnehage er lågare no, men Høgre vel her å prioritere. Me er klar på at dei som har minst skal sitje igjen med mest. Ja, kanskje lyt ein auke barnehageprisen, men Høgre aukar inntektsgrensa for gratis kjernetid til 800.000 kroner, og auken i prisen for dei som lyt betale kjem igjen som auka barnetrygd. Det gjer at om ein er to med låg inntekt, eller aleineforsørgjar med inntekt under denne summen, vert barnehagen heilt gratis. Ein får betydeleg høgare barnetrygd, samt at me legg til ei skattelette for alle.

Det handlar om prioritering. Høgre vil prioritere at du og din familie skal få behalda meir av eiga inntekt.

Kommuneøkonomien er no på sitt svakaste nivå på 40 år, og det skjer på sitjande regjering si vakt. Mange kommunar opplever nå å måtte gjera krevjande kutt i tenestetilbodet til innbyggjarane, samstundes som ein må la innbyggjarane bidra økonomisk ved å auke eigedomsskatten og dei kommunale gebyra.

Høgre si prioritering er å gje kommunane større fridom, og ikkje detaljstyre i så stor grad som ein ser i dag. Kommunar, som Sveio, både kan og vil få ting til, men den grada ein no ser av statlege føringar, regelverk og motsegner gjer at prosessar vert både lange og krevjande. Tid er pengar, både for næringslivet som ynskjer å etablere fleire arbeidsplassar, og for alle som sit og skal svare ut alle dei statlege krava. Høgre vil gje kommunane større lokalt handlingsrom – eit handlingsrom som også vil setje fart på økonomien – det trengs sårt.

Det handlar som sagt om prioritering. Der Arbeiderpartiet brukar store summar på symbolpolitikk, og ikkje ser ut til å sjå krisa kommunane står i, der står Høgre klar med sine tydlege prioriteringar; Du skal behalde meir av eiga inntekt, me må realisere Hordfast for å byggje landet saman, og kommunane må få større fridom.

8. september er det veljarane som skal prioritere. Ein kan velje å halde fram som i dag – eller setje ei ny retning med eit solid høgrestyre som set kvardagen, barnefamiliar og næringslivet først.

Lars Petter Lie og André Mundal Haukås, Sveio Høgre

Powered by Labrador CMS