meiningar

solfrid myhrematematikklekservikse skuleklasseromundervisningmatteelevar
Illustrasjonsfoto.

Har dei gløymt korleis det var å vere elev?

Eg les om møtet i HOK den 8. mars og undrar meg over AP og FrP som vil leggje ned skulane i Auklandshamn og Valestrand. Veit dei ikkje at 5-6-7-8-9-åringar er det skjøraste som finst? Dei treng all den omsorg og assistanse som foreldra, besteforeldra, naboar og nærskulen kan gi. Dei må ikkje bussast av garde, men få utfalde seg i nærmiljøet og plukke blomar på vegen heim.

Det gler meg å lese og forstå at Høgre, Senterpartiet, MDG og Sveio ungdomsråd vil la elevane leve livets glade dagar i Auklandshamn og Valestrand. Er KrF og SV like kloke når det kjem til stykket? For det kjem til stykket. Saka skal opp i formannskapet den 22. mars og i kommunestyret den 12. april.

Det er ikkje berre uklokt, men også dårleg økonomi å leggje ned ein tipp topp nærskule for å busse elevane milevis, dit det er trongt om plassen. (Kikk på innlegget til Grutle og Ravatn i Vestavind torsdag 4. mars.) Det blir ei stygg sak for alle partar! Har dei nemnde politikarane gløymt korleis det var å vere elev?

Vel, legg også særleg merke til ungdomsrådet sine fine utsegner i HOK den 8. mars, for det er klokt det dei kjem med. Det heftar sanneleg noko visst edelt ved unge menneske.

Helge Kyvik
Auklandshamn

Powered by Labrador CMS