meiningar
Gje meg handa di ven
Me har hatt ei krevjande sak som har engasjert, mobilisert og sett folket i Auklandshamn og Valestrand på prøve. Heldigvis landa eit samrøystes kommunestyre på eit godt framlegg. Skulane blei berga.
Dette var noko som varma hjarta til utruleg mange av folket i kommunen, også oss i Senterpartiet. Folkeviljen vant fram. Dette er eit klokt vedtak, som også er framtidsretta for bygdene og såleis for heile kommunen vår.
I Vestavind registrerer me i brev nummer to frå Ap-gruppa, at dei er «såra og vonbrotne» etter det er kome fram ymse uttalar m.m. på sosiale media, då det var høg temperatur i saka. Me registrerte også slike mot vår gruppering, slike uttalar kjem alltid når temperaturen er høg i viktige saker for folk.
Me vil gje Ap eit godt råd, lat denne «surmulinga» liggja, dette vil føra til meir «nøring og uro», det treng ein ikkje no. Ein no avdøydd sveibu uttala ein gong; «nå er eg så forbanna på deg, det kjem eg til å vera i ein månad, men då får det vera nok». Ein klok uttale dette. Ein skal vidare og då er det siste ein treng «surmuling» i etterkant av eit vedtak. Dette rådet vil me gje Ap-gruppa.
Me synest brevet frå ordføraren er meir framtidsretta. Det er eit fornuftig innlegg ho har lagt ut, etter vedtaket i skulesaka blei gjort. Innlegget viser at ho vil samarbeida på tvers av konstellasjonane, vidare arbeida for å få fram samarbeid, samkjensle m.m., der målet er å gjera kommunen til ein endå betre stad å bu for alle.
Ordføraren skriv vidare at det er viktig å vidareutvikla arbeidet inn mot organisasjonar, lag og så vidare. Dette lovar bra. Ordføraren skal representera alle i kommunen, ved å vera aktiv på alle plan til beste for alle, ei viktig målsetjing. Me i Senterpartiet ser fram til dette, der målet bør vera gode og felles forankra vedtak i viktige saker til beste for våre innbyggjarar.
Skulesaka engasjerte uhorvelege tal folk, med folkeaksjonen søndag 11. april, det var om lag 1200 innbyggjarar som møtte fram i sine bilar, (i alt 300 i talet) og alt folket som stod langs vegane og heia oss fram gjennom heile ruta kor bilkortesjen køyrde. Det heile toppa seg med vardebrenning som eit viktig symbol same kvelden. Vardebrenning varsla i tidlegare tider; «fare på ferde». All engasjementet som blei vist, varmar eit Senterpartihjarta og nok mange andre sine hjarta.
Me vil avslutta innlegget som me starta; gje meg handa di ven. Denne handa viser all engasjement som blei vist av folket som på ulikt vis engasjerte seg til beste for oss alle i kommunen, der skulane blei berga. Det å ha ei god hand å halda i, er trygt og godt. Folket viste samkjensle, der denne handa også var god å ha gjennom stormen. Vedtaket i skulesaka viser retteleg; me tillitsfolk er folket sine tenarar. Dette er demokratiet på sitt beste, at me lyttar til folkeviljen og folket vant fram med sin gode vilje.
Beste helsing Sveio Senterparti
Monica Valen, Dagfinn F. Bjørge, Ole Velde, Arne Valen og Andreas Sirevaag