meiningar
Går Ap og Frp for pyrrhosseier i skulesaken?
og formannskapet er det lett å koma orda til den indianske høvdingen Sitting Bull (1831-1890) i minne, då han uttalte seg om dei amerikanske styresmaktene: «They promised us many things, more than I can remember, they never kept them but one, they promised to take our land and they took it».
Etter møtene i HOK
Sit og les eit innlegg i HA dagsett 22.10.2010 som også gjeld nedlegging av Valestrand oppvekstsenter. Så denne situasjonen som er nå, er ikkje ny. I 2010 ville ein leggja ned oppvekstsenteret etter 3 år av ein avtale som galdt i 5 år.
Kor mykje kan ein tru på politikarane? Det ser mest ut som om målet er ei styrt nedlegging for ein kvar pris. Derfor burde alle politikarane som kjem til valkamp til Auklandshamn og Valestrand vera klare over kva som er det viktigaste spørsmålet ein vil ha eit klart svar på: Får me behalda skulen vår?
Hausten 2019 var det valkampmøte i Valestrand og spørsmålet vart atter reist. Det kan ikkje ha vore noko overraskande spørsmål for dei som representerte dei ulike partia. Dermed burde dei vera godt førebudde på kva svar dei skulle gi og ha det avklart med partiet sitt, sjølv om det ikkje sto direkte i valprogrammet deira. Alle partia svara positivt på at skulen skulle bestå.
Så, 18 månadar seinare, får me vita at det var ikkje dette nokon av dei meinte i valkampen. Me som prøver å fortelja ungane/ungdommane våre at dei skal vera ærlege og stå for det dei lover både skriftleg og munnleg, korleis skal me møta dei når dei seier: «Sjå kva politikarane gjer»
Korleis skal politikarane vera eit førebilete for ungane/ungdommane våre, når dei opplever at dei spring frå lovnadane sine, og det i saker som ungane i aller høgste grad er i sentrum for?
Det skal bli meir rettferd nå når ein får samla elevane på tre skular, seiest det. Men kva er rettferd? Er det at kostnaden vert likt fordelt på kvar elev eller er det at alle elevane skal ha like lang reisetid? Eller at alle elevane skal få realisert evnene sine?
Nei, rettferd treng ikkje vera at alle får likt av alt. Ap har bygd eit godt land for oss. Men med å seia at det skal vera busetnad i heile landet har ein også fordelt midler ulikt. Innanfor jordbruket har ein sett på kostnadane med å produsera kjøt. Dette er lettare å produsera på Jæren enn på Bømlo og Sveio. Derfor får Bømlo meir betalt enn Sveio, som igjen får meir betalt enn Jæren.
Er det rettferd at ungane våre må kryssa E 39 i 80 km-sone utan merka fotgjengarfelt eller skilt som varslar bilistane om at her er det fotgjengarar som kjem? Denne kryssinga skjer også i den mørkaste tida på døgnet, på ei vegstrekning som kommunane var med å heva fartsgrensa frå 60 til 80 km/ h.
Eller er det rettferd at ungane kan måtte ta bussen kl 07.15 til Tittelsnes og får 14 km ekstra skuleveg for å få tryggare skuleveg fordi dei skal sleppa å kryssa vegen?
Unnskyld, eg skreiv litt feil om skilt. Me har faktisk to skilt på denne strekninga. Dei fortel at det kan vera fare for kryssande hjort i vegbanen. Det fortel litt om prioritering av trafikktryggleik. Trygg trafikk skriv dette om barns forutsetningar i trafikken:
… Før 7-årsalderen er barnas tenkning konkret og bundet til det som skjer her og nå. De er opptatt av situasjonen i øyeblikket, og har problemer med å forestille seg en situasjon uten selv å være i den. Derfor har de også liten evne til å forutsi hendelser eller til å overføre erfaringer fra andre situasjoner…
Selv om barna kan løpe og gå, har de ikke same evne til å stoppe brått ved behov. Det er en viktig ferdighet som først utvikles ved 9-årsalderen.
Syn og hørsel avgjør hva vi får med oss i trafikken. Ved siden av å se, må vi tolke det vi ser. Den evnen er først ferdig utviklet i 15-årsalderen. Å kjenne igjen og høre hvor lydene kommer fra er viktig, og bidrar til at vi kan si noe om fart og avstand til bilen
Ein av grunnane for å flytta elevane frå Valestrand oppvekstsenter til Førde er at vedlikehaldet av bygget er for dårleg. 15 millionar kroner vil oppgraderinga av bygget kosta, seier ordførar og varaordførar, og det er alt for mykje å bruka.
Kven er det som har ansvaret for å halda bygget i god stand slik at kommunens verdiar ikkje vert reduserte? Rådmann og kommunestyret står vel sentralt i dette arbeidet? Det som er beklageleg, er at dette forsømte/manglande vedlikehaldet vert nytta som ein av årsakane til å leggja ned skulen.
Manglande tilflytting sjølv etter at Bømlafjordtunnelen kom, blir brukt som argument for å flytta elevane. Me veit at vedvarande manglande oversikt over om ein har skule eller butikk ikkje er med å fremje busetnad. 20 års evig press på om ein får ha skule eller ikkje, er ikkje med på å få folk til å storma til bygda.
I annonser for sal av bustader står det kor langt det er til skule og butikk, gjerne angitt i minutt. Kva gjer kommunen med sine byggefelt, gjer ikkje dei også det ? Det må jo vera ein grunn for dette, og det er enkelt og greitt at dette er viktige institusjonar for dei fleste.
Då keisar Napoleon Bonaparte kom tilbake til Frankrike etter forvisningen til Elba i 1814, var avisomtalen ei forunderleg lesing. Frå å vera eit monster då han steig i land, til å bli det beste som kunne skje Frankrike då han kom til Paris.
Kvifor dette sitatet? Slik Sveio Ap prøver å framstilla skulesaka så er dei dei einaste som ser heile teikninga og kan redda Sveio. Her er det me som er monsteret, som ikkje har funne klarsynet ennå og me tenkjer berre på vårt eige beste.
Kan hende at det går an å meine at fem skular er det beste for Sveio som kommune for elevar og bygdene? Eg har eit spørsmål til dei seks representantane bak innlegget i nettsida til Vestavind 7. april: Kva hadde dåke slåst for dersom de budde i Valestrand eller Auklandshamn og det var snakk om skulenedlegging?
Me har vore heldige og fått mange nye tilflyttarar til Auklandshamn og Valestrand, men me kunne gjerne ynskja oss fleire. Nokre av dei har kome utan tilknytning til bygda, andre er komne fordi dei har slekt her. Men felles for dei alle er at dei er komne slik situasjonen er.
Dei har kome mellom anna fordi dei har ein nærbutikk og dei har kome fordi dei får ein skule i nærleiken som gir tryggleik for ungane deira. Dei veit òg at tryggleik er nøkkelordet for læring. I tillegg kjem fleire andre gode grunnar som fin natur, båtliv og fiske. Mange har vore med å gjera kulturlivet rikare, som til dømes julekonsert med lokale artistar. Me har nokre som satsar store summar for å skapa sin eigen arbeidsplass og foredla lokal mat,
Me har musikarar som bringer Sveio utover landegrensene. Me har forfattarar, kunstmålarar og teaterfolk som når langt utover Sveio sine grenser. Kan hende desse «nye» har meir å bidra med av nye tankar enn me som har budd her ei god stund. I tillegg har me alle dei som tar eit tak for å gjera bygdene våre levande og gode å bu i.
Når me ser den viljen bygdafolket legg ned for bygdene våre her i nord og vest, så er me stolte over å få bu på ein slik god plass. Det er desse folka Sveio Ap ikkje er i stand til å sjå. Det er desse folka Sveio Ap seier ikkje er i stand til å sjå det beste for ungane sine. For desse folka vil behalda skulane sine.
Avstand, kva er det og kva tid vert han stor?
I Sveio var avstanden kjempestor då det var snakk om å flytta legekontoret frå kommunehuset til Albatross.
I Sveio er det kjempeavstand når dei må køyra 30 minutt for å koma til badebasseng i Tysvær, Haugesund eller Stord. Derfor må dei ha sin eigen andedam i Sveio.
For elevane frå Auklandshamn og Valestrand betyr det ingenting om dei må reisa med buss 45-60 minutt 2 gonger per dag til Førde, seier dei som ynskjer å utgjera eit fleirtal i kommunestyret. At 5-6-åringar er redde eller bilsjuke betyr ingen ting.
Det er tydeleg at det er lettare å flytta nokon enn andre
Rådmannen har også vore ute og freista å påvirka utfallet. Han har konstatert at det har vore fire rektorar på åtte år, og underforstått er det negativt for oppvekstsenteret. Ja, eg sjølv skulle sett at dei hadde vore lenger, men ein må kan hende spørja seg om kvifor dei er så kort tid? Kan det vera at dei er så dyktige at dei ikkje har hatt nokon vanskar med å få andre rektorjobbar? Me ser stadig skifte på mange skular i andre kommunar.
Eit anna spørsmål ein kan stilla seg er om heile situasjonen rundt oppvekstsenteret har skapt utrygghet om kor lenge ein har jobb der. Derfor har mange rektorar kanhende søkt seg vekk for å vera sikker på å ha leiande stilling vidare. Usikkerheten som trusselen om nedlegging skapar gjennom 20 år, har deler av kommunestyret og administrasjonen ansvar for.
I boka Det store spelet av Tarjei Vesaas får sonen, Per Bufast, klar melding frå faren at på Bufast skal du vera all di tid. Slik er dei ikkje lenger, folk skiftar arbeidsplass titt og ofte. Rådmannen har sjølv ein gjennomtrekks-stilling. Så eg reknar med at innan eit kort tidsrom så har me kanhende ny rådmann, fordi noverande har fått seg ny jobb. Men me kjem ikkje til å leggja ned kommunen på grunn av det, like lite som ein legg ned skular.
Det er utruleg å lesa kor samansveiste gruppa i Arbeiderpartiet er, her viser den eine etter den andre til kvarandre sine kommentarar i avisintervju. Ein vert mest rørt av dette. Trygve Bratteli som var statsminister for Arbeiderpartiet under EU-valet i 1972, sa at dersom det ikkje var EU-motstandarar i leiinga i partiet, så måtte ein finna nokon slik at ein fekk argument frå begge sider.
Det ser ut til at dette ikkje finst hos Ap i Sveio i dag. Er det fordi desse er pressa eller «gått frivillig» ut av partiet? Det er litt besynderlig at dei som forsvinn frå Ap er dyktige folk frå gamle Valestrand kommune, som kjem med andre argument enn fleirtalet i gruppa. Det er liten tvil om kva eit stort fleirtal i Valestrand og Auklandshamn ynskjer i denne saka: Ingen nedlegging av skulane i desse krinsane!
Då er det litt interessant å sjå kva Arbeiderpartiet sentralt seier om kommune- og fylkessamanslåing. Alle kommunesamanslåingar skal vera frivillige. Alle regionsamanslåingar skal vera frivillige. Dersom Ap kjem til makta i 2021, skal dei som mot sin vilje er slegne saman med andre, få høve til å bli eigne kommunar og fylke att.
Det som er det viktigaste for Ap i desse sakene, er kva folkeviljen er. Kostnaden kjem i andre rekke her i høve til folkeviljen. Kan hende noko for Ap, FrP og utbrytarane å tenkja på?
Når kommunestyret skal avgjera lagnaden til Auklandshamn skule og Valestrand oppvekstsenter skal Ap, Frp og utbrytarane tenkja over:
- at fleirtalet av dei som røysta ved valet i 2019, ikkje hadde noko ynskje at Ap og Frp skulle styra lenger.
- korleis dei kan vera eit førebilete for ungar og ungdom med å stå for det dei seier og lovar i politikken.
- dei elevane som må kryssa E 39 i 80 km-sone utan gangfelt eller skilt som fortel bilistane at her kryssar folk vegen på den mørkaste tida på døgnet.
- elevane som går av bussane i Førde utan nokon sikring mot E 39. Dette burde allereie vera ordna for dei som går der i dag. Berre til opplysning så køyrer ikkje bussane under E 39 som dei gjorde før og kom til eit avlukka område.
Uttrykket pyrrhosseier stammer frå den greske hærføraren Pyrrhos av Epirus som førte krig mot romerne. Han hadde vunne eit slag, men resultatet var ikkje verd dei store kostnadane hæren måtte tåla. Derfor sa han at dersom han vant eit slag på same måte, ville han vera fortapt. Slik kan det også gå på måndag den 12. april, dersom posisjonen kan få fleirtal for å leggja ned to skular og overføra dei til Førde. Men på sikt vil dei tapa.
Martin G. Haugland
Valevåg