meiningar
Friluftslivets år: er det noko å markere i 2035?
I år feirar vi friluftslivet, men varsellampene blinkar. Aldri før har vi hatt mindre natur her i landet, og aldri før har nedbygginga gått raskare. Korleis ser Friluftslivets år ut i framtida?
Lyden av ein klukkande bekk. Eit sommarbad frå eit svaberg eller i ein godt gøymd badekulp. Skogens djupe ro, utsikta frå favoritt-toppen, og kjensla av å ha naturen for dine føter. Her i landet er vi så heldige, at nesten uansett kvar vi bur, så har vi desse opplevingane kort veg frå inngangsdøra.
Det ønskjer vi å feire i Friluftslivets år, som blir markert i år – og har blitt markert kvart tiår sidan 90-talet. Saman med andre friluftslivsorganisasjonar, vil vi inspirere fleire til å utforske og ta vare på nærnaturen sin. Difor inviterer vi til ei endå større breidde av turar og aktivitetar i år, med særleg fokus på dei som ikkje har drive så mykje med friluftsliv tidlegare.
Men samtidig som Friluftslivets år 2025 er godt i gang, veit vi at sjølve grunnlaget for friluftslivet, naturen, er alvorleg truga. Aldri før har vi hatt mindre natur her i landet, og planane om ytterlegare nedbygging er mange. Kvar minutt blir 79 kvadratmeter natur øydelagt, og framover er det planlagt utbygging av naturområde på storleik med dei 100 største innsjøane her i landet!
Næringsbygg, kraftanlegg, vegar og hyttefelt: åleine verkar inngrepa kanskje små, men summen er alarmerande. Bit for bit et vi menneske oss inn i hundremeterskogar, byggjer ned meir av den flotte kysten vår og øydelegg verdifulle friluftslivsområde. Slik svekkjer vi også, litt etter litt, moglegheita til gode naturopplevingar. Alt utan ein overordna plan og stikk i strid med forpliktingane om å reversere naturtapet.
Mens vi feirar Friluftslivets år 2025, slår bekymringa meg: Korleis vil moglegheita til å oppleve natur og friluftsliv vere i 2035? Kan vi fortsette å feire friluftslivet om ti år? Tjue år?
Det er, heldigvis, mogleg å snu naturtapet! Dagens nedbygging er resultat av ei rekkje politiske avgjersler som nedprioriterer naturen. No er det på tide å skifte kurs! Her er våre forslag til kvar politikarane bør starte:
1. Gjennomfør ein planvask. Det vil seie: gå gjennom gamle areal- og reguleringsplanar med mål om å beskytte natur som i dag er sett av til nedbygging.
2. Kartlegg grå areal – allereie nedbygde område som kan gjenbrukast – og bruk desse områda til ny utbygging.
3. Sett mål om arealnøytralitet. Altså at det skal vere null netto tap av natur ved all utbygging. Då må ein kompensere for nye naturinngrep ved å restaurere natur som i dag er øydelagt.
Handlar vi ikkje i dag, er det dei kommande generasjonane si moglegheit til å kjenne gleda over naturopplevingar.
Gjennom Friluftslivets år vil vi bidra til at fleire kjem seg ut, og ser kvifor naturen er verdt å beskytte. No håpar vi politikarane våre blir med på laget. Det er på tide å stå opp for naturen!
Tor Kåpvik,
konstituert generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT)