meiningar

Førde i Sveio. Foto: Thomas Førde
Førde i Sveio.

Førde skal vera i Hordaland!

Måndag er identiteten vår truga. Skal ei folkerøysting brått endra det offisielle namnet på bygda og postadressa til Førde i Rogaland?

Bygda ligg geografisk og kulturelt godt forankra i Sunnhordland, slik postadressa også lydde i tidlegare tider. Etter eit fylkesbyte til Rogaland kan me korkje kalla oss sunnhordlendingar eller hordalendingar.

Namnet Hordaland har sitt opphav frå uminnelege tider og fortener at nokon held det i hevd i offisiell namnebruk. Me som bur lengst sør i dette fylket ønskjer framleis å kunne bera sunnhordlandsbunaden til fest og høgtid og samtidig kunne kalla oss sunnhordlendingar.

Kva er poenget med å melda overgang til eit anna fylke for å bli ytste utkant i eit anna storfylke? Eg ser større fordelar med dagens posisjon for Sveio kommune, som kan hausta frukter i begge fylka. Det er lite truleg at Vestland vil tøya seg langt for å tilby oss noko som helst etter overgang til Rogaland.

Sveio kommune bør heller visa litt tolmod inntil Rogaland og Vestland blir slegne saman til ein region. Då ligg me verkeleg midt i leio.

Dessutan høver ein distriktskommune som Sveio betre i lag med dei mange andre småkommunane som nå utgjer storfylket Vestland. Dette fylket er ikkje lenger like dominert av ein nærsynt storby som Bergen, slik Stavanger også har lett for å fara fram.

Fleire stønads- og finansieringsordningar, som det tidlegare distriktsfylket Sogn og Fjordane hjelpte sine kommunar med, har blitt med over i storfylket Vestland.

Grøne framtidsnæringar, drivne i små skala, slik som landbruket i røynda blir i Sveio, får betre vilkår i Vestland enn i det Jær-dominerte landbruket i Rogaland.

Då Ølen kommune vurderte å slå seg saman med nabokommunen Vindafjord laut innbyggjarane gå til vallokala i ei folkerøysting om overgang frå Hordaland til Rogaland. Er det ei slik førebuing som nå skjer for Sveio kommune; først fylkesbyte og deretter samanslåing eller oppsluking i bykommunen Haugesund?

Thomas Førde

Powered by Labrador CMS