meiningar

Daniel DeNiazi.
Daniel DeNiazi.

For mykje snakk om sentralisering

Eg synest det er forferdelig trist å sjå at me har politikarar som er våre folkevalde, som ynskjer å fjerne tryggleiken til borna i Auklandshamn og i Valestrand. No den siste tida har eg fulgt godt med på debatten. Det eg synest er mest sørgjeleg med denne saka, er at me som innbyggjarar har stolt blindt på politikarar som fortel at levande bygder er viktig.

Og du spør kva ordet «Levande bygder» betyr? For meg ser det ut som at me må forklara ein politikar kva ordet betyr. Politikarane kan gjerne få ein gratis leksjon hos meg. Ei levande bygd eller levande bygder vil seia at me har tjenester i ei bygd, alt frå butikk til viktig tilbod som skule og barnehage.

Dersom ikkje ei bygd har ein skule eller ein barnehage, vil bygda dø ut. Eg synest det blir alt for mykje snakk om sentraliseringspolitikk. Kvifor snakkar politikarane så mykje om levande bygder når det er kommuneval? Og kvifor skal me som innbyggjarar høyra på lovnader som aldri blir holdt.

Sentralisering er sikkert veldig viktig for dei som bur i Sveio sentrum, dei får jo det meste. No skal dei få eit symjebasseng som dei kan dyppa føtene i. Ikkje veit eg, men eg meiner at det er viktig å sjå ulemper med å kvela to bygder ved å fråta dei viktige institusjoner.

Sentraliseringspolitikken har vore svært viktig for våre folkevalde, og spesielt er det Arbeiderpartiet som har som mål å fråta innbyggjarane viktige institusjoner som gjev dei god læring. Det har vore ein agenda lenge at Sveio kommune vil selja kommunale bygg for å styrka den kommunale økonomien.

Dersom kommunestyret 12. april stemmer for den endelige avgjørelsen om å leggja ned skulane, så er eg heilt sikker på at dei kjem til selja både og Valestrand og Auklandshamn skule. For symjebasseng og ein sentraliseringspolitikk i Sveio sentrum er viktig. Me kan ikkje ha trygg skulevei, opplagte elevar og ein skule som ligg i nærheten.

Det er viktig å huske på at elevane ikkje er så mykje verd. Det er tross alt sentraliseringspolitikken og eit symjebasseng som er det viktigaste.

Sveio vil aldri få flinke elevar med gode resultat dersom skulane forsvinn. Difor er det så viktig at elevane har kort skulevei slik at dei er godt opplagte. Tidlegare forskning har jo fortalt oss at gode resultat i fag, kjem frå elevar som er opplagte. Politikarane fraskriver seg ansvaret totalt. I opplæringslova § 8-1 står det tydelig at grunnskuleelevar frå 1.-10. klasse har rett til ein skule som ligger i ditt nærmiljø.

Eg kan også legge til at eg har vore i kontakt med småbarnsfamilier som ynskjer å setja huset sitt ut for sal. Og dersom det går for ei samanslåing, så håper eg inderleg at småbarnsfamilier flyttar ut av kommunen. For dei vil me ikkje ha.

Dersom skulane legges ned vil:

  • småbarnsfamilier flytta ut av kommunen- aktiviteten blir mykje mindre i bygda
  • fråværet stige hos elevar
  • elevane er ikkje godt opplagte til neste skuledag
  • friheten for borna skrenker inn.
  • det psykososiale miljøet bli dårligare
  • kommunikasjonen bli mer svekka (mellom foreldre og skule)
  • færre flyttar til Sveio kommune

Daniel DeNiazi
Førde

Powered by Labrador CMS