meiningar
Fleirtal for ny barnehage i Sveio sentrum – ein siger for framtida
Endeleg fatta kommunestyret eit vedtak som peikar fram mot ei flott løysing med ny barnehage i Sveio sentrum. Sveio Arbeiderparti, Sveio FrP, Sveio SV og dei uavhengige representantane Stian Nygård og Ole Johan Sveen synte vilje til å erstatte noverande 32 år gamle Sveio barnehage med ein ny og framtidsretta barnehage. Denne vil verte lokalisert i den nedre delen av tomta sørvest for kommunehuset.
Ny barnehage vil bety mykje for utviklinga av Sveio, der borna vil bli møtt med funksjonelle og romslege lokalar og eit naturskjønt uteområde. Sveio kommune har vore ein av kommunane i regionen med størst prosentvis vekst dei siste åra sett under eitt, og det er kjekt å sjå at fleirtalet i kommunestyret syner ei god tru på framleis vekst i den flotte kommunen vår. Dette er ei investering i framtida som Sveio Høgre, Sveio Senterparti, Sveio Kristeleg Folkeparti og MdG ikkje vil vere med på. Dei ynskjer ikkje å bygge ein ny barnehage i Sveio sentrum, men heller rehabilitere den gamle noverande barnehagen ein eller annan gong i framtida. Dette var posisjonen og Sveio SV ikkje eining i.
Vedtaket i kommunestyret opnar også opp for å frigjere kapasitet for ei naudsynt utviding og oppjustering av området til dei som treng habilitering og tilrettelegging av kvardagen i Åsvegen. Det er difor svært viktig at desse menneska blir møtt med kvalitet i kvardagen, og at ein difor greier å byggje framtidsretta for dei yngste, samstundes som ein tilbyr dei med særskilde behov ein ny plass å vere i kommunal regi når noverande leigeavtale går ut i 2024. Dei vil då kunne overta området som den gamle barnehagen no har.
No kan endeleg rådmannen gå i gong med vidare planlegging av ny kommunal barnehage og syte for at ein legg til rette for eit enda betre barnehagetilbod til både noverande og nye ibuarar i Sveio. Ein skal då vere godt rusta til å møte framtida i lokalar og uteområde som tar vare på både ungane og dei tilsette.
Kommunestyregruppa til Sveio Ap
v/ Asle G. Halleraker