meiningar

Alexander Fosse Andersen, Vestland Senterparti
Alexander Fosse Andersen, Vestland Senterparti

Fleire sjukepleiarar og lærarar med desentraliserte utdanningar

For å løyse viktige velferdsoppgåver i åra som kjem, er det stort behov for fleire sjukepleiarar, lærarar og barnehagelærarar. Tal frå Samordna opptak for 2022 syner at det behov for auka kapasitet innan sjukepleiarutdanninga, medan det er ledige plassar til fleire grunnskule- og barnehagelærarutdanningar. Hordaland Senterparti meiner det er behov for auka rekruttering og fleire desentraliserte studieplassar framover for å møte framtidig behov for arbeidskraft og for å kunne gi gode velferdstenester nær folk i heile landet.

Fleire plassar har utfordringar med å rekruttere fagutdanna sjukepleiarar og pedagogar. Hordaland Senterpartiet ser at rekrutteringsutfordringane gjerne er eit samansett bilete som heng saman med løn, arbeidstid og moglegheiter for heil stilling. Samstundes trur me at god tilgang på utdanning der ein bur vil kunne bidra til auka rekruttering.  Ein SSB-rapport frå i år syner at dei som utdannar seg til barnehagelærar, lærar, sjukepleiar og sosialarbeidar i større grad enn andre studerer i heimfylket sitt og vert buande der når dei er ferdige med utdanninga. Tilgangen på desentralisert høgare utdanning er ein viktig grunn til dette. Hordaland Senterparti meiner difor det må satsast meir på desentraliserte tilbod på heil- og deltid innan høgare utdanning.

Regjeringa har allereie løyvd 184 millionar kroner for at fleire skal kunne ta fleksible og desentraliserte utdanningar. Denne satsinga må trappast opp. Hordaland Senterparti meiner desentralisert utdanning er framtidsretta og vil bidra til at norske kommunar òg i åra som kjem kan gi gode velferdstenester til innbyggjarane sine.

Alexander Fosse Andersen

Fylkestingsrepresentant i Vestland

Sara Hamre Sekkingstad

Ordførar Alver kommune

 

Svein Åge Vangdal

Lokallagsleiar Kvinnherad Senterparti

Powered by Labrador CMS