meiningar
Fleire dører inn til læring, og meir tillit til lokaldemokratiet
På Høgre sitt landsmøte sist helg løfta eg fram to saker som heng tett saman: behovet for meir handlingsrom i skulen, og meir tillit til kommunane.
Dei fleste av oss kan sjå tilbake på klasserommet vi ein gong sat i, og hugsa kor ulike vi var. Nokon lærde best i ro og orden. Andre trong meir rørsle, meir praksis og ei anna tilnærming. Det handlar ikkje om vilje eller evner, men om at menneske er forskjellige. Nettopp derfor må også skulen ha rom for å møte ulike behov.
I dag opplever mange lærarar at dei manglar gode nok verktøy når undervisninga blir forstyrra, eller når elevar strevar med å sitja stille bak pulten ein heil skuledag. Difor foreslo eg at skulane må få moglegheit til å ta elevar midlertidig ut av klassen og tilby alternativ undervisning og tettare oppfølging når det trengst. Målet er enkelt: at alle elevar skal få læra best mogleg, på sin måte.
Dette er ikkje noko ny sak for oss i Sveio, vi har gjort dette før. Seinast 3. november gjorde eit samrøystes kommunestyret etter forslag frå Høgre, vedtak der ein ber rådmannen vurdera moglegheitene for eit alternativt tilbod.
Eg hugsar frå mi eiga skuletid at ikkje alle var skapte for pult og blyant heile dagen. Det var flotte, energiske elevar som trong meir fysisk og praktisk læring. Når dei fekk det, skjedde det noko med heile klassen: Roen senka seg, og fleire av desse elevane fekk for første gong oppleva meistring i skulen.
Dette handlar ikkje om å senda nokon på dør. Det handlar om å opna fleire dører inn til læring.
Den andre saka som vart løfta, handlar om tillit til lokaldemokratiet. Kommunar med rikeleg areal må få større armslag til å regulera tomtestorleikar sjølve. Det kan ikkje vera slik at distriktskommunar skal stå i ein evig kamp med Statsforvaltaren om kor store tomter folk skal få lov å byggja på.
Noreg er eit land med store forskjellar. Det som gir meining i pressområde, passar ikkje nødvendigvis i distrikta. Difor må vi visa større tillit til at kommunane kjenner sine eigne behov best.
Som ein partikollega så treffande sa frå talarstolen: Det får då vera grenser for politikk.
Felles for begge forslaga er behovet for tillit – til lærarane, til elevane og til lokaldemokratiet. Mindre detaljstyring og meir handlingsrom er ikkje berre god politikk. Det er også sunn fornuft.
André Mundal Haukås (H), ordførar i Sveio