9de april 2010 heiste eg flagget til topps. Ikkje så lenge etterpå banka det på døra, og på trappa sto Oluf, ein av naboane våre. Han er østlending, men det kan han nå ikkje noke for, og sidan han har budd her i 40 år må han reknast for sambygding.
Me var begge 5 år gamle den dagen 9de april 1940 då tyskerane ganske enkelt tok over styre og stell av landet vårt. Og seinare i livet var vår første jobb ute i arbeidslivet som dekksgut – under norsk flagg.
«Jeg ser du flagger, seier han.»
«Ja, eg gjere det. Vet du hvilken dag det er?» spør han.
«Ja, eg veit nå det.»
«Og du flagger?»
Eg trur at me sjøfolk har ein litt sterkare tilknytning til flagget enn folk flest. Eg veit så vel at når eg gjekk langs kaiane med skip på rekke og rad og såg eit med det norske flagget, kanskje stod det Tønsberg, Bergen eller Haugesund, då fekk eg alltid eit lite stikk i hjerta – ikkje berre for at det vart liksom så heimsleg – men skipa var alltid velhaldne og så var det nå dette flagget då. Eg vart i grunnen litt kry. Og slik kunne ein møte desse skipa – over heile verden – på alle kontinent.
Då eg reiste ut første gong var med 3,5 millionar her i landet og me hadde verdens 3dje største handelsflåte. Det er heilt utruleg. Men det skjedde avdi me fekk lov til å frakte varer mellom alle verdens kystnasjonar. Berre eit fåtall av skipa var nokon gong i Norge.
Men Oluf står framleis på trappa og vil ha eit svar.
«Jo, nå skal du høyra, Oluf. I dag har me fått vårt første oldebarn og difor har eg heist flagget.»
«Ja, da skjønner jeg hvorfor du flagger – og gratulerer så mye med oldebarnet!»
Dette oldebarnet fekk namnet Olivia den 4de juli – som kjent Amerikas nasjonaldag – og hu er den einaste av våre barnebarn og oldebarn eg har kontroll på – når det gjeld dagar – alle dei andre må eg ty til data.
Og nå er me komen til det eg vil fram til. Kvifor kan me ikkje flagga for det nyfødte barn?
Skikken vår er å flagga når ein i familien på ein gard eller bustad eg gått bort. Dette er vel og bra, men det er sorg og den siste heider eller helsing til eit familiemedlem eller sambygding. Eit nyfødt barn derimot er liv, glede, forhåpningar og framtidstru.
Er ikkje dette ein god grunn – ein veldig god grunn – til å heise flagget vårt til topps?
Nå er det vel ikkje så mange unge og nyetablerte som har hus og flaggstang, men kanskje ein altan eller balkong? Visst ikkje så har dei foreldre, beste – eller oldeforeldre som kan flagga.
Og så kjem ordføraren på besøk med ei lita helsing.
Ja, kvifor ikkje?
Arne Aage Valen
Valevåg