meiningar

Sveio kommunehus med kommunevåpenet.
ARKIVFOTO

Exit Sveio

Utan noko som helst førehandsvarsel, har eit fleirtal av våre folkevalde vedteke ein «prosess» som etter planen skal ende opp med at Sveio ikkje lenger blir ein del av Sunnhordland og Vestland. For å gi dette eit skinn av legitimitet, har dei same no iverksett ei folkeomrøysting om saka. Komande måndag er røystedagen må vite.

Når eg nemner dette med fråvær av førehandsvarsel, så tenkjer eg på det desse lokalpolitikarane gjekk til val på i 2019. Korkje Høgre, AP eller Frp har flytting av fylkesgrense med i valprogramma dei gjekk til val på.

Nei, kvifor skulle dei no røpe planane om å flytte Sveio over til Rogaland i valprogramma? Nei, det skulle tatt seg ut. Det blir ikkje røyster under kommunestyrevalet av slikt, må vite….

Denne taktikken kjem i grunnen ikkje som ei overrasking på sveibuen. Me opplevde nett det same i fjoråret då posisjonspartia AP og FrP utan forvarsel gjekk hardt inn for å leggje ned grendaskulane i Auklandshamn og Valestrand.

Ikkje eit ord om desse planane i valprogramma. «Me tek dette på sparket» og vonar at me får det vedteke utanfor for mykje «støy».

Men der tok posisjonspartia grundig feil. Sveibuen synte i grendaskulesaka at dei ikkje let seg pelle på nasen av karrierepolitikarar med lite bakkekontakt. Dei vart grundig set på plass av bygdefolket. «Ropet frå bygda» som bygdefolket tilkjennegav med stor innleving under oppmøte utanfor kommunehuset, i bilkortesjer og vardebrenning, ljoma langt utanfor kommune og fylkesgrensene våre.

Attende sat såre og vonbrotne gruppeleiarar og funderte på kva var det som traff dei.

Men eit let seg ikkje vipp av pinnen så lett. No er det fylkesgrensa som er det store hinderet og som snarast lyt flyttast nordover frå Søra-Vikse til Røysaneset. Tilhøyringa me har til Sunnhordlandsregionen og Vestland er den store bremseklossen.

Heller ikkje denne gong finn me noko om dette nemnt i valprogramma dei gjekk til val på i 2019.

Me i vår familie har over mange år vore Nord-Rogalendingar, og kome godt ut av det. Og noko som blir meir og meir tydeleg, er at kommunane på sørsida på mange områder har lukkast langt meir enn Sveio. Me får dei politikarane me vel. Og må ta til takke med dei i valperioden.

Men Rogaland er ikkje styrd frå det rosa Rådhuset i Haugesund. Makta sit i Stavanger, på sørsida av Boknafjorden. At den fjordkryssinga er djup vil ein få stadfeste med å forhøyre seg med grannane vår i sør.

Men det er meir til saka enn det våre folkevalde nemner.

Sveio tilhøyrer Helse Fonna, som er underlagt Helse Vest.

Høgskulane på Stord og Haugesund er ein del av Høgskulen på Vestlandet.

Sveio høyrer inn under Sunnhordland Tingrettsembete.

Skatteetaten for Vestlandet har hovudsete i Bergen. Haugesund er jamvel innlemma.

Vestland har tilrettelagt for eit jordbrukshald som er langt meir i samsvar med det jordbruksmønsteret ein finn i heimkommunen vår. Jordbruket i Sveio vil verte ein av taparane ved ein overgang til Rogaland.

Sunnhordlandsregionen er ein dei aller mest framgangsrike regionane i landet vårt og er heilt leiande i innovasjon og næringsutvikling i Noreg. Og er saman med Bergensregionen den store motoren i det grøne skiftet som landet vårt og verda no står framfor. Det er berre så synd at kommuneleiinga vår snur ryggen til. Og framstår meir og meir handlingslamma i dette med å utvikle bærekraftige næringar og arbeidsplassar. Ein skulle nærast tru at det er vedteke politikk!

Det som mange eg har snakka med no fryktar er at flytting av Sveio frå Vestland til Rogaland er trinn 1 i planane om nedlegging av Sveio som eigen sjølvstendig kommune. Haugesund har behov for meir areal til busetnad og industriutvikling. Dei tek nok villeg imot.

Døma frå denne inneverande valbolken syner at ein treng ikkje nemne noko om slike planar i valprogramma. Det er berre å verta einige på kammerset. Vips, så er Sveio blitt nordre bydel i Haugesund.

Vel fleirtalet av sveibuen å kryssa av for ROGALAND i røysteseddelen på måndag, tilrettelegg dei og ubevisst for ei framtidig utradering av Sveio kommune. Det er noko å ta med seg til røysteurna.

Godt val!

Brigt Ottar Valen
Tittelsnes

Powered by Labrador CMS