meiningar

Til helga er det på ny Pride i Haugesund.FOTO: HØGRE
Til helga er det på ny Pride i Haugesund.

Er det ikkje nok Pride nå?

Har du nokon gong måtte vurdera om du kan fortelje kva du gjorde på i helga, då du er redd for reaksjonen på at du nemner ektefelle, sambuar eller kjærast? Tenkjer du nokon gonger på om du er for feminin eller maskulin i forhald til korleis samfunnet meina ditt kjønn skal vera? Har du nokon gong møtt blikk som syner forakt når du held handa til kjærasten din?

Menneske som bryt med normene, enten det er på grunn av legning, orientering eller identitet, veit at han/ho/hen kan oppleva reaksjonar, om det er fordi ein er for maskulin, for feminin, held kjærasten i handa, eller berre nemner kjønnet på sin kjære. Ein må vera observant på kven som er rundt ein, for kanskje nokon vil reagere med sinne og aggressivitet, og alt for ofte også med vald.

Dette skapar stress, ein situasjon der du heile tida er klar til å reagere, og redd for kva som skal skje. Det kallast minoritetsstress. For dei av oss som ikkje kan skjule at me er ein minoritet, fordi ein ser annleis ut an majoriteten, er det ofte endå verre. Ein kan aldri få fri frå denne kjensla av å heile tida vera på vakt.

Stresset kan føra med seg psykisk uhelse, i verste fall vert det så ille at ein ynskjer å ta sitt eige liv. Ein av dei viktigaste grunnane til å feire Pride er alle dei som opplev dette.

Under Pride ser ein regnbogeflagget og veit at ein ikkje er åleine. Skeive personar assosiera regnbogeflagget med ord som fridom, tryggleik og inkludering. Dei assosiera parade og Pride med å kunne vera seg sjølv ein liten periode, utan å vera redd. Føla seg som ein del av noko større.

Ein del har stor trong til å binde festivalen opp mot ein «ideologi» basert på nokre feiltolka setningar frå det politiske programmet til organisasjonen FRI. Faktum er at det er over 60 Pride-feiringar i Noreg, og der er berre om lag ein tredjedel av desse som er arrangert av FRI. Resten er arrangert av andre organisasjonar, politiske parti og uavhengige arrangørar.

Pride er ikkje noko FRI har funne på. Det har ein lengre tradisjon frå utlandet. Regnbogeflagget er ikkje symbol for FRI. Det unike med regnbogeflagget er nettopp at ingen har eigarskap til det, eller rettigheiter knytt til det. Det er eit internasjonalt symbol for respekt, toleranse, likeverd, fellesskap, solidaritet og samhald.

Det er heller ikkje slik at deltaking på Pride betyr tilslutning til alle FRI sine standpunkt. Det er som med markeringar på kvinnedagen: Du må ikkje slutte deg til alle standpunkta til Kvinnegruppa Ottar for å delta i markeringane.

Den dagen ein ikkje treng Pride for å gje fridom frå stresset nokre dagar, vil Pride truleg miste noko av si betydning. Arbeidet for like rettigheiter er eit viktig arbeid, ikkje fordi ein vil Pride til livs, men fordi dei av oss som slit med minoritetsstress fortena same gode psykiske helse som andre.

Difor er det viktig å betre det psykiske helsetilbodet til ungdom, syte for betre seksualundervisning som inkludera grensesetjing i skulen. Difor må me jobbe lokalt mot fordommar og hatkriminalitet, med gode handlingsplanar, og jobbe mot negativ sosial kontroll og forsøk på å omvende personar frå si eiga legning. Me må syte for at aktivitetstilbod og idresarenaer er opne for all ungdom, slik at alle har ein plass dei kan føle seg heime.

Pride forsvinn ikkje med motstand, det berre syner behovet endå tydlegare. Arbeid for mangfald og inkludering av menneske uansett kven dei er, kven dei elskar eller kvar dei kjem frå er viktig. For menneske er ingen ideologi, menneske har eigenverdi.

André Mundal Haukås, leiar Sveio Høgre
Helge Ytterøy L’orange, leiar Åpne Høyre

Powered by Labrador CMS