meiningar

Døme på karakteristikkar av politikarar som har kome fram i samband med skulesaka.
Døme på karakteristikkar av politikarar som har kome fram i samband med skulesaka.

Er det bra for demokratiet vårt at folk blir skremt til taushet og bort frå politiske verv?

Gratulerer til Auklandshamn og Valestrand med engasjement, mobilisering og framleis skule i bygda! Flammen frå Emberlandsnipen lyste fint frå Sveiåsen!

Eg har stor forståing for at bygdene kjempar for skulane sine. Då eg ikkje lenger har barn i barnehage-/barneskulealder, valgte eg å halde meg på sidelinja i debatten. Eg klikka rett nok «like» på Facebook for å gi støtte til dei få som våga å uttale seg for samanslåing – dei var modige og med få unntak saklege.

Skulestrukturen er vedteken, og den klarer eg personleg fint å leve med. Det som gjer at eg for første gong sidan eg var 18 år skriv lesarinnlegg, er at eg ynskjer å kommentere ein del av orda som er brukt og påstandane som er forfekta i debatten sidan saka kom opp. Blir ein påstand gjentatt mange nok gonger, kan den dessverre fort bli oppfatta som ei sanning.

Debattform. Eg har sjølv vore engasjert i tidlegare skulestrukturdiskusjonar, og eg har utfordra nokre av våre folkevalgte verbalt. Når ordet (og særleg personkarakteristikkar og sjikane) står svart på kvitt på nettet, i ei avis eller på TV, slår det kraftig og blir ståande der for evig og alltid.

Det har vore mange saklege og gode innlegg i debatten, men ein god del av det som har blitt skrive om våre folkevalgte – svikarar, avhopparar, apekattar, idiotar, klossmajorar, hersketeknikk, me treng ikkje omreisande sirkus når me har slike klovnar i kommunestyret, å redde sitt eige skinn, eliten, sentrum, dei som veit betre, stjåle/lurt til seg fleirtalet, brenna på bålet m.m. – dette har sjokkert meg. For meg blir det eit paradoks når ein diskuterer gode og trygge oppvekstvilkår i barnehage og skule, så florerer forakta, sjikanen og mobbinga av dei folkevalgte som har ei anna meining enn ein sjølv.

Det som òg er verdt å merke seg, er kor enkelt det er å la seg rive med på Facebook og indirekte bli ein av «mobben» ved å gi «likes», klappeteikn, hjarte, tommel opp, «respekt» og så vidare. Det er nesten som det har blitt ein religiøs vekking eller eit valkampmøte à la Trump.

Før ein gir slik støtte til eit innlegg, kan det kanskje vere fornuftig å spørje seg sjølv om ein hadde likt at eins eigne barn, ektefelle eller ein sjølv blei behandla slik på nettet og i media? Er den som legitimerer mobbing betre enn mobbaren? Er me som vaksne gode rollemodellar for ungane våre når vi skriv eller støttar sjikanerande utsegn på nettet?

Eg møtte på ei som uttalte at basert på den tonen som er, ville ho aldri våga å flytte til «ei av bygdene», så det er kanskje noko å tenke over det og for å kunne behalda skulane langt inn i framtida.

Lokaldemokrati. Ein av påstandane som har florert er at valet i 2019 «blei stole», at «posisjonen styrer utan demokratisk fleirtal» eller har «manglande legitimitet». Dette er påstandar som heilt klart kan diskuterast og som kan sjåast ulikt på frå ulike ståstader.

I valet i 2019 hadde ein valkamplokale som reflekterte dei partipolitiske skillelinjene som vi ser i rikspolitikken med FrP, Høgre, KrF og Venstre samla og Sp, MDG, Ap og SV samla. For dei fleste ville det då vore naturleg å forvente at dagen etter valet, ville vi høyre om samtalar og eventuelt samarbeid langs dei same partiskillelinjene.

Det var mange av oss som sette kaffien i halsen då vi vakna dagen etter valet, og alt hadde fått ein ordførar som dei fleste av oss aldri hadde høyrt om og som ikkje hadde politisk erfaring! Ap var største parti, deira ordførarkandidat hadde desidert flest personstemmer (341) og lang politisk erfaring. Eg er heller ikkje overbevist om at særleg mange av Sp-, Høgre-, KrF-, SV- og MDG-veljarane såg for seg at det var 3. kandidaten til Sp som skulle bli ordføraren vår då dei gav si stemme.

Lista til Sp i 2019 var ei liste med brei geografisk fordeling med representantar frå henhaldsvis Valestrand 4, Auklandshamn 3, Førde 2, Lid 4, Sveio 2, Bua 2 og Vikse 2. Det endelege resultatet hadde derimot ei veldig kraftig skeivfordeling geografisk der dei fem kommunestyrerepresentantane kom frå henhaldsvis Valestrand 2, Auklandshamn 2 og Lid 1. (I perioden 2015-2019 var Sp representert med 3 personar frå Valestrand). Utan førehandskumulering blei den flotte toppkandidaten deira frå Vikse i 2019 utradert. Figuren nedanfor viser fordelinga av kommunestyret pr krins:

Med 17,3% av innbyggarane i Sveio kommune i dei to bygdene, må det seiast å vere ei særs god utteljing å ha 32% av representantane (8) i kommunestyret. Figuren nedanfor viser korleis innbyggarar og kommunestyrerepresentantar er fordelt pr. skulekrets:

Som ein ser av figuren, har Valestrand, Auklandshamn og Sveio (inkl. Bua/Lid – 2 H, 1 Sp) ein overrepresentasjon i kommunestyret i forhold til innbyggartal med hhv. 6,7%, 8,0% og 4,2% medan Vikse og Førde har ein underrepresentasjon på hhv. 5,6% og 13,3%. Samla overrepresentasjon for Valestrand og Auklandshamn er 14,7%. Om nokon skal kunne hevde at valet blei «stole», må det vere Førde som kom svært dårleg ut av valet i 2019.

Dersom ein legg til grunn at geografi betyr noko for eit representativt demokrati i små kommunar, kan det sjå ut til at det med gjeldande kommunestyre er vanskeleg å få ein «posisjon» som alle opplever som legitim. Om opposisjonen hadde vore posisjon (inkl. dei to som meldte seg ut av Høgre), ville det største partiet med 7 representantar blitt halde heilt utanfor. Vidare ville Sveio ekskl. Lid og Bua hatt 3 representantar (12%) i posisjonen medan innbyggartalet er omkring 40% (ekskl. Lid og Bua). Ville ein slik posisjon hatt legitimitet?

Historisk blikk på skulestruktursaker 1997-2021 og uavhengige/«avhopparar» 2004-2021

I 1986 blei det innført eit nytt inntektssystem for kommunar (og fylkeskommunar) der dei gamle ordningane blei erstatta med ei samla overføring til kvar kommune basert på objektive kriteria. For skuleområdet innebar dette m.a. at tilskottet blei gradvis redusert (overgangsordning) då tal på skular fekk mindre betydning og tal på elevar fekk større betydning. Dette førte til ein meir pressa økonomi, og diskusjon om skulestruktur, kvalitet og lovpålagte oppgåver i skulen tvinga seg etter kvart fram også i Sveio:

1997: Framlegg om skulesamanslåing – Bua/Vandaskog til Sveio – vedtatt med 14 mot 11 stemmer

2004: Framlegg om å samle ungdomstrinnet – nedstemt med 13 mot 12 stemmer
Ein «avhoppar» i AP – AP hadde programfesta ein ungdomsskule

2012: Framlegg om å samle ungdomstrinnet – vedtatt med 13 mot 12 stemmer

2013: Framlegg om skulesamanslåing – Lid og Auklandshamn til Førde
Framlegg i kommunestyret:
Lid til Sveio og Auklandshamn består – vedtatt med 13 mot 12 stemmer

2015: Ordførar Ruth Østebøvik Eriksen meldte seg ut av Høgre

2017: Søknad om barnehage/SFO pinsemenigheten Auklandshamn
Heidi Nilsen Ljøen meldte seg ut av Ap

Februar 2019: Ingrid Furdal meldte seg ut av KrF

September 2019: Ole Johan Sveen og Stian Nygård meldte seg ut av Høgre

2021: Framlegg om skulesamanslåing – Valestrand og Auklandshamn til Førde
Framlegg i kommunestyret:
Valestrand og Auklandshamn består – vedtatt einstemmig med 25 stemmer

Som ein ser, er ofte kommunestyret delt på midten i denne type saker, og det er heller ikkje første gongen det har vore «avhopparar» eller «svikarar» i politikken i Sveio. Nokon av dei har nok fått litt pes rundt «bruddet», men det er første gong nokon har blitt hetsa og sjikanert i fleire år i media på grunn av dette, til og med på NRK 1,5 år etter hendinga!

På den eine sida blir dei to uavhengige uthengt for å bryte med Høgre sitt program, og på den andre sida blir Ap og FrP kritisert for å bruke «partipisk». Det har ikkje vore fokusert på om SV-, MDG- og KrF-representantane landa standpunktet sitt basert på eige samvit eller om det var «parti-» eller «opposisjonspisken» som avgjorde.

Dei som tidlegare har vore «avhopparar» i skule- eller barnehagesaker til støtte for sine bygder, har blitt lovprisa, enten dei har brote med valprogrammet til partiet sitt eller ikkje har følgt fleirtalet i partigruppa. Det får vere til å leve med, men vi må ha dei same spelereglane for alle. I valet 2019 viste NRK korleis hundrevis av lokalpolitikarar på landsbasis i løpet av fire år melde seg ut av partiet dei blei røysta inn for.

Det kan nok vere kraftige diskusjonar internt i alle parti, og Heidi Nilsen Ljøen (uavhengig 2017) har i samband med skulesaka uttala seg om partikulturen i Ap slik ho opplevde den (Vestavind 8.4).

Korleis partikulturen i Høgre er, kan eg eigentleg ikkje uttale meg om, men det er ikkje kvardagskost når ordføraren (Ruth Østebøvik Eriksen) blir motarbeida av si eiga kommunestyregruppe slik Høgre gjorde då dei hadde ordføraren i 2011-2015. To av dagens folkevalgte frå Høgre har vore toneangivande i partiet tilbake til 2011.

I 2015 beslutta Høgre å nominere sin ordførarkandidat i eige nominasjonsmøte medan resten av lista skulle nominerast i nytt nominasjonsmøte. Ruth Østebøvik Eriksen vart nominert i dette møtet. I påfølgjande nominasjonsmøte valde fleirtalet å oversjå ordførarnominasjonen, og valde å nominera Lars Einar Hollund på topp med den konsekvens at 11 av dei som hadde takka ja til å stilla på lista trekte seg, og Ruth Østebøvik Eriksen melde overgang til FrP. Denne prosessen viser at Høgre i Sveio i sentrale saker er delt på midten.

Det var inga skulesak som gjorde at Ole Johan Sveen og Stian Nygård valgte å bryte med Høgre i 2019, ref. lesarinnlegg i Vestavind 25.3 og i 2019. På same måte som vi må respektere Ljøen si oppleving i Ap, må vi respektere Sveen og Nygård si oppleving i Høgre.

Eg synest det er trist at Hollund og Høgre er med og hausar opp stemninga og legitimerer hetsing med stadige utspel om «avhopparane» i media. Assosiasjonane går til Trump som stadig kom med utfall mot dei han tidlegare hadde jobba med. Eg kan heller ikkje sjå at det bidrar til god omdømmebygging for kommunen å halde på på denne måten i media.

Kva skjer med lokaldemokratiet framover?

På tur med hunden denne veka møtte eg to menn med born i skulealder som uttalte at dei nok aldri kom til å gå inn i politikken når dei no hadde merka seg tonen som rår. Eg har og møtt fleire med erfaring frå småskular både i Sveio og andre kommunar, men dei ville ikkje legge ut innlegg/ kommentere på Facebook, for dei frykta det ville bli ein straum av kommentarar meir eller mindre saklege og hetsande. Det ville dei ikkje utsette seg for. Er dette bra for demokratiet og ytringsfridommen vår, at folk blir skremt til taushet og bort frå politiske verv?

I lesarinnlegg frå Sp publisert 17.4 i Vestavind blir det uttalt at «…slike uttalar kjem alltid når temperaturen er høg i viktige saker for folk». Skal vi sei det same når ungar er uenige og sinte på kvarandre, at det er heilt vanleg å komme med sjikanerande karakteristikkar av kvarandre, eller skal vi forsøke å hjelpe dei til å finne meir konstruktive måtar å kommunisere på? Uavhengig av parti har eg eit ynskje om at våre folkevalgte verken skal komme med eller legitimere andre sine sjikanerande utsegn, men heller ta eit oppgjer med dei og vere gode forbilde for borna våre. Vidare, at vi som innbyggarar bidrar til bedring ved å la vere å støtte sjikanerande utsegn og at fleire tar eit oppgjer med dei.

«Håpet og draumen for framtida må vere at når vi går til stemmeurna, er det parti og program som er det viktigaste og ikkje berre geografi og person»

Dessverre er det slik at geografiperspektivet i stor grad framleis gjer seg gjeldande i mindre kommunar, og det er bakgrunnen min for å ta det med i dette innlegget. Håpet og draumen for framtida må vere at når vi går til stemmeurna, er det parti og program som er det viktigaste og ikkje berre geografi og person.

Det var intensjonen då ein gjekk over frå krinslister til partilister utover 70-og 80-talet (unntak Ap som har hatt partiliste sidan kommunesamanslåinga i 1964). Vidare må håpet vere at våre folkevalgte kan arbeide saman til det beste for alle innbyggjarane i kommunen, og at dei konsentrerer seg om innhald i sak.

Sissel Lier Høiness
Medlem i Ap og sambygding med dei to uavhengige

Powered by Labrador CMS