meiningar
«Er det berre Sveio og Førde som skal vera levande bygder?»
I mange år har slagordet for kommunen vore «levande bygder». Kommunen vil leggja ned Auklandshamn skule og Valestrand skule. Er det berre Sveio og Førde som skal vera levande bygder? Hugs på at folk som flyttar til kommunen, ser på avstand til skule der ein vil flytta til!
Det kan så vera at ein kan spara litt pengar, men tenkjer de på borna? Det er ein ting som viser seg: Når kommunen skal spara pengar, så er skule og eldreomsorg det fyrste dei tenkjer på. Det er vel andre postar som kunne minkast litt, utan at det skulle gå ut over borna våre?
Når dei har sete på bussen i lang tid etter fleire timar på skulen, er dei ikkje så mykje opplagde til å gå ut og leika. Tenk dykk om og vis omsorg. Ta vare på borna og dei levande bygdene!
Til kommunestyret: TENK DYKK OM!
Magnhild Reinertsen Utne
Tjernagel