meiningar

Dette handlar om bøndene sin rett til å leve eit liv på same vilkår som andre, med same velferdsvilkår, rettar og moglegheiter i samfunnet generelt, skriv Leif Grutle og Arild Høyland. Arkivfoto: Kari Nilsdatter Haukås
Dette handlar om bøndene sin rett til å leve eit liv på same vilkår som andre, med same velferdsvilkår, rettar og moglegheiter i samfunnet generelt, skriv Leif Grutle og Arild Høyland.

«Ein rettferdig og framtidsretta landbrukspolitikk»

På same måte som Teknisk beregningsutvalg utarbeider tallgrunnlag som ligg til grunn for lønnsforhandlingane mellom LO og NHO lager budsjettnemda for jordbruket grunnlaget som ligg til grunn for jordbruksforhandlingane.

Bestillinga som samfunnet har gitt bøndene har heilt frå Hovedavtalen vert oppretta (1950) vore at ein skal få inntektsjamstilling. Men praksis har vorte at dette må bonden klare sjølv (oftast gjennom større produksjon og effektivisering). «Get big or get out» har vore (og er) dei harde realitetane.

Dette jaget etter effektivitet, der ein erstattar arbeid med andre former for energi (i form av diesel, kunstgjødsel, plast, maskinar, kraftfôr osv.), har det resultatet at at prisane vert bestemde av energiprisen. Og jo meir bøndene har vorte «effektive» og jo høgare prisen på energi stig, jo større blir rekninga bonden sit igjen med.

Det er dette ansvaret regjeringa og Stortinget nå freistar å springe vekk frå – og overlate rekninga til bonden. I forslaget skal normering av inntekta opp i 20 prosent. Med andre ord seier dei at bøndene ikkje er effektive nok. Det til tross for at bøndene ikkje får kapitalavkastning på investeringar og har mange fleire arbeidstimar enn andre (fullstendig utan godtgjering for ulagleg arbeidstid eller 24/7-ansvar).

Dette handlar om bøndene sin rett til å leve eit liv på same vilkår som andre, med same velferdsvilkår, rettar og moglegheiter i samfunnet generelt. Det handlar om matvaresikkerheit og helse. Totalberedskapskommisjonen har slått fast viktigheita av auka matvaresikkerhet og busetnad over heile landet. Dette er Noreg ikkje i nærleiken av å ha ein politikk for, og det er ikkje vanskeleg å finna døme:

  1. Eit bruk forsvinn dagleg i Noreg og fleire og fleire bygder tømmes for folk.
  2. Me importerer over 60 prosent av maten vår.
  3. Me brukar ikkje våre eigne ressursar. I Vestland fylke er nå over 20 prosent av dyrka jorda ute av drift.

Lar me denne tendensen halde fram undergraver me matvaresikkerheita kvar dag, og vil tape fleire og fleire kunnskapsrike bønder som sit på kritisk kunnskap om jord, luft, vatn og alt som skal til for å laga mat. Korleis skal me få til ein langsiktig forvalting av våre felles matvareressursar utan denne kunnskapen?

Heilt sidan opptrappingsvedtaket (1975) og Berge Furre har SV hatt ein tydeleg profil på landbrukspolitikken. SV har nå ein tydeleg og sterk posisjon i landbruket, med ein politikk for eit landbruk i heile landet.

Ein politikk som sikrar god forvalting og utnytting av våre eigne ressursar til matvareberedskap, verdiskaping i heile landet, god folkehelse og dermed ein god samfunnsøkonomi. Dette er me stolte av, og me skal halde fram og styrke den allereie gode politikken vår. Sikker tilgang på god og sunn mat er tross alt livsviktig!

Leif Grutle og Arild Høyland
Sveio SV

Powered by Labrador CMS