meiningar

Lesarbrevskribent Håvard Tvedte meiner det beste for Sveio er å bli verande i Vestland.
Lesarbrevskribent Håvard Tvedte meiner det beste for Sveio er å bli verande i Vestland.

Ein fot i kvar region er Sveios styrke

Ordførar Linn Therese Erve, varaordførar Ruth G. Ø. Eriksen og tidlegare ordførar Jorunn Skåden er alle samstemte: me bør ikkje velja vekk Vestland.

Dei er og har vore våre fremste representantar når Sveio møter kommunane på Haugalandet og i Sunnhordland til samarbeid. Dei veit kva fylkestilhøyrsle har å seia i praksis. Då er det klokt å lytta til deira råd i denne forhasta saka om kva fylke Sveio skal tilhøyra.

Andre har likevel tatt til orde for at me bør bytta fylke, mellom anna fordi me bør bli ein del av Haugalandet. Men: det er jo ikkje regiontilhøyrsle denne folkeavstemminga handlar om. Me er alt ein del av Haugalandet. Slik me er ein del av Sunnhordland. Ein fot i kvar region er ein strategisk god posisjon for Sveio. Det er rett og slett vår fordel i regionale saker som er viktige for heile kommunen. «La Sveio vera limet mellom Haugalandet og Sunnhordland», som Jorunn Skåden skreiv i eit innlegg i haust.

I utgreiinga som er gjort i forkant kjem det fram at det er uheldig dersom eit fylkesbytte fører til geografiske konfliktlinjer internt i Sveio. Usemja kan fort bli forsterka av eit fylkesbytte på tynt grunnlag.

Uvissa med å bytta fylke er altfor stor til å no velja vekk det me har. Me veit kva me har – men ikkje kva me får. La fylkesgrensa vera der ho er, og la oss heller bruka kreftene på å styrka samhaldet i heile kommunen vår.

Håvard Tvedte

Powered by Labrador CMS