meiningar

Førde skule, august 2020. Illustrasjonsfoto.
Førde skule, august 2020. Illustrasjonsfoto.

Difor går eg inn for samanslåing

Skulebruksplanen og skulestruktursaka har som venta skapt høge bølger og eit stort engasjement. Saka har mange sider og er særs krevande. Den blir ikkje mindre krevande i tider med sosiale medier som fungerer som folkemøter 24/7. Eg har sjølv gjort meg opp eit syn i saka og vil her komme med mine grunnar for å stemme for samanslåing av Valestrand, Auklandshamn og Førde skule.

For det første viser prognosane for åra framover at Sveio kommune som mange andre kommunar i landet vil gå inn i ein periode med låg eller ingen vekst i folketalet. Tala i Telemarksforsking sin rapport har vel dei fleste allereie sett seg godt inn i. Med bakgrunn i dette meiner eg at den mest framtidsretta strukturen for kommunen ligg i rådmannen sitt forslag.

Vidare vil eg som lærar sjølv hevda at det er eit stort pluss med eit stort fagleg miljø på arbeidsplassen. Eg vil gjerne trekke fram eigne erfaringar frå samanslåinga av dei to ungdomsskulane i kommunen som eit godt døme på at eit større fagmiljø har vore både motiverande og utviklande. I tillegg vil det vere attraktivt i samband med å hente inn nye kompetente lærarkrefter i åra som kjem. Konkurransen om kompetanse vil nemleg bli stor vidare framover.

Eg har også tru på at tre litt større skular som me nå kan få i kommunen vil gi elevane eit større sosialt miljø å spele på. Som lærar på ungdomstrinnet synes eg alltid det er kjekt å sjå elevar frå ulike skular treffe kvarandre og knytte nye band på tvers av krinsar og bygder. Eg snakkar og med mange føresette og fleire gir uttrykk for at eit større miljø og fleire i klassen gir elevane eit godt grunnlag for personleg utvikling. Eg trur mange elevar som eventuelt kjem til Førde skule til hausten vil oppleve det same.

Eg vil til slutt skryte av gruppa i Sveio Arbeiderparti som eg har arbeidd saman med i denne saka. Til trass for mange skuldingar på kryss og tvers frå meir eller mindre uinformerte kjelder, så kan eg love alle at me har diskutert denne saka på ein særs grundig måte og at påstandar om partipisk er heilt skivebom.

Torgeir Katla
Kommunestyrerepresentant for Sveio Ap

Powered by Labrador CMS